Alva (18) vann pris med oppgåve om terror i media
Forskinga hennar har vist kor ulikt media har omtalt to terrorsaker.
– Prosjektet starta eigentleg med korleis eg sjølv opplevde media. Nesten alle kjenner historia til Breivik, men vi kan ikkje seie det same om dei som stod bak 9/11, seier Alva Lohne Pahle (18).
Framtida møter Pahle ved Blindern VGS etter at ho har kome tilbake frå Bergen, der ho fekk Holbergprisen i skulen. Forskingsprosjektet hennar, «Fra nyhet til narrativ», undersøkte korleis media framstilte to ulike gjerningspersonar dømde for terrorangrep i Noreg.
Kva er Holbergprisen?
Holbergprisen blir delt ut som ei anerkjenning av banebrytande forsking innanfor humaniora, samfunnsvitskap, juss eller teologi.
Holbergprisen i skulen er ein nasjonal forskingskonkurranse for elevar i den vidaregåande skulen.
Formålet med konkurransen er å vekke interessa til ungdommar for humanistiske og samfunnsvitskaplege fag.
Personane Pahle tok utgangspunkt i, var Philip Manshaus og Zaniar Matapour.
10. august 2019 drap Philip Manshaus stesystera si Johanne Zhangjia Ihle-Hansen (17) og gjekk til åtak på Al-Noor Islamic Centre i Bærum. I 2020 vart han dømd til 21 år med forvaring, med ei minstetid på 14 år, for terror og drap.
25. juni 2022 fyrte Zaniar Matapour av skot inne på London Pub, ein kjend samlingsplass for skeive i Oslo. 11 vart skotne, og to av dei vart drepne. I 2024 vart Matapour dømd til 30 år med forvaring og ei minstetid på 20 år for grov terror.
Pahle analyserte seks avisartiklar om dei terrordømde.
– Vi fekk ikkje same innblikk i Matapour sitt liv, som vi fekk av Manshaus. Med Matapour blei det med ein gong eit slags «oss mot dei»-narrativ. Fleire eg kjenner har lagt merke til det same. Difor blei det viktig for meg å undersøke kor narrativet kjem ifrå.
Forskjellige narrativ
Pahle synest temaet i prosjektet er viktig fordi det handlar om å forstå korleis vi kan førebyggje terror.
– Terror er ikkje ein hudfarge, eller ein religion. Det er ei radikalisering av individ.
For å førebyggje terror, meiner prisvinnaren vi må skjønne kva terror er, styrke psykiatrien og styrke politiet i landet. I prosjektet skriv Pahle om forskjellige narrativ som blei brukte av media i omtale av Manshaus og Matapour, sjølv om begge vart dømde for terror.
– Breivik hadde mest sannsynleg ikkje komme like langt om han hadde på seg kjortel og bønnelue. Det er viktig å kunne sjå forbi stereotypiar når vi skal førebyggje terror, seier Pahle.
Forskjellige rammer
Det mest oppsiktsvekkande 18-åringen fann i forskinga si, var kven journalistane valde å prate med i dei forskjellige sakene om terrordømde Manshaus og Matapour.
– Når det handla om Matapour, gjekk dei til PST og imamar for å sjekke om radikaliseringa kunne ha skjedd i moskeen, medan når det handla om Manshaus, prata dei med rektor, venner og kjenningar.
Pahle fortel om eit narrativ i media der kjenningar fekk fortelje om Manshaus som eit individ, at han hadde ein vanskeleg barndom og at dei ikkje kunne skjønne korleis dette hadde skjedd. Matapour blei sett i ei anna ramme.
– Eg trur ikkje journalistane gjer det bevisst, men det viser jo at dei går til forskjellige folk med dei same spørsmåla. Då blir narrativet annleis.
Vil forske vidare
Pahle vann 1.-plassen i Holbergprisen i skulen for forskinga si. Trass i at ho framleis har eitt år igjen av vidaregåande, har ho fått tilbod om stipend frå universitet i utlandet.
Til hausten er ho invitert til Oxford University saman med Lyndal Roper, som vann den ordinære Holbergprisen.
– Det er utruleg stas, og vi blei tatt utruleg seriøst. Eg trur kanskje eg har lyst til å halde fram med forsking i framtida, seier Pahle.
Ho kan sjå føre seg å studere ved Oxford og drive med vidare forsking der.
– Det er forsking som er byggesteinane våre, så eg har blitt inspirert til å fortsette med det.








