– Joe Rogan har større innflytelse på unge, norske menn enn kong Harald har, seier Snorre Rein.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

– Eg postar videoar ut frå ei pliktkjensle, meir enn eit ønske om å vere på sosiale medium, seier Snorre Rein.

25-åringen byrja å lage politisk innhald i sosiale medium i fjor vår. Der kastar han seg inn i betente diskusjonar, legg seg ut mot some-profilar som Elias Omberg, og kallar seg sjølv Sylvi Listhaugs verste mareritt. Då nyhenda kom om at Gutta skulle løysast opp, feira han med bobler.

Kontoen hans skaut fart for alvor under valkampen. Rein har vore tillitsvald i Norsk Tenestemannslag (NTL), aktiv i AUF og var i fjor på 25. plass på stortingslista til Arbeidarpartiet i Oslo.

Då videoane hans byrja å få ei viss rekkevidd, kjente han på eit ansvar for å ytre seg.

– Mange poengterte at venstresida hadde fått ein ung, faktaorientert profil, noko som var veldig viktig for arbeidarrørsla. Det kjentest ikkje som eit alternativ å droppe det, seier han.

Likevel skulle han gjerne ha lagt ned kameraet. Rein fortel at han berre eit år tidlegare sleit med tung depresjon, og at han på eit tidspunkt var innlagt på døgninstitusjon på grunn av sjølvmordsrisiko.

– Fjoråret var betre for meg, men eg har merka at det er veldig lite sunt for meg å vere på desse plattformene. Det handlar om både debattklimaet og korleis sosiale medium fungerer. Det er ei stor påkjenning for meg, og eg er på nippet til å trekke meg ut, vedgår han.

Kven kjem til å gidde?

Det Rein viser til, er logikken som rår i sosiale medium. Det er den som skrik høgast, som kjem med dei skarpaste uttalene, som får mest merksemd, views, delingar, den som klarar å provosere, som lukkast på Instagram og TikTok.

På some-plattformene er ein også meir eksponert som person. Du bruker fjeset ditt og stemma di, og får konstante tilbakemeldingar rett i lomma.

– Kven er det som kjem til å vere synleg, som kjem til å gidde å engasjere seg i debatten på desse plattformene? Eg trur det er ganske få folk som meg som får rom. Eg er redd for at vi er på veg mot ein kultur der berre bajasar kan delta i samfunnsdebatten; dei som gir mest faen i kva andre folk tenker om dei og kva dei meiner; dei som kjenner seg minst ansvarlege for eigne meiningar og om dei har rett eller feil, seier Rein.

Sjølv forsøker han å legge seg på ei faktaorientert line, ispedd humor og nokre spissa bodskap. Men han merkar at some-mekanismane trekker han i ei meir tabloid retning.

– Eg ser at mine videoar polariserer folk, seier han.

Når følgarane kommenterer på videoane hans, skriv nokre av dei ting som Rein ikkje meiner i det heile teke. Viss han lagar ein video som er kritisk til Sylvi Listhaug, kan dei skrive at ho er ei vond heks som vil folk vondt – og endå drøyare ting.

– Då stoppar eg opp og tenker: Sylvi vil sikkert det beste for landet ho òg. Ja, ho er kynisk og villig til å tråkke på nokon for å komme dit, men ho trur jo at ho har dei beste løysingane for oss. For at samfunnsdebatten skal funke, må vi kunne behandle kvarandre med respekt, seier han.

Sjølve djevelen

Når samfunnsdebatten derimot består av at debattantar stitchar kvarandre i videoar til kvar si målgruppe, vert ein sittande og skrike i kvart sitt ekkokammer.

– Nokre av følgarane mine har eit forvrengt syn av kven Tobias Gjellestad eller Elias Omberg er – sjølv om eg vil seie at mykje av det er korrekt likevel. Eg ser nyansar i dei, men for ein person som berre har sett fem sekunds klipp av dei i mine videoar, er jo desse folka djevelen sjølv, seier han.

Han meiner alle samfunnsdebattantar kan bidra til polarisering og radikalisering.

– Polarisering har alltid skjedd i samfunnet i ein eller annan grad, men no er det på steroid. Vi sit og ropar om kor fæle dei andre folka er, men vi høyrer ikkje kvarandre. Så held vi berre fram med å skyve oss lenger frå kvarandre.

Rein fryktar konsekvensane av polariseringa er at limet i samfunnet sakte men sikkert vert brote ned.

– Eg trur det er noko som skjer no, som vi ikkje heilt plukkar opp endå, seier han.

Han viser til at vegen til ekstremt og radikaliserande innhald er kort på nett, særleg for unge menn. Some-plattformene tillèt drøyare innhald, nynazistisk humor har vorte normalisert og ytterleggåande profilar når breitt.

– Joe Rogan har større innflyting på unge, norske menn enn kong Harald har. Det er idiotisk å skulle påstå noko anna. Det trur eg nesten ingen i Noreg over 50 skjønar. Dei veit ikkje kven det er ein gong, så korleis kan han ha balletak på ungdommar i landet? Men desse profilane formar det kulturelle narrativet til veldig mange unge nordmenn, seier han.

Trump-venene

Er det likevel håp for samfunnsdebatten? Kan norske plattformer som Hudd redde oss frå klørne til dei amerikanske tek-gigantane?

– Det finst håp, men vi må innsjå alvoret i at alle tek-selskapa står på første rad under innsettinga av Donald Trump.

Rein trur ikkje norske politikarar har teke innover seg kor alvorleg det er at høgreekstremistar, antiliberale og antidemokratiske krefter styrer debattplattformene våre.

– Det som før var sosiale medium, er no algoritmestyrte medieinnhaldsavspelarar. Berre sju prosent av innhaldet du ser på Instagram, er frå venene dine. Det er ikkje kommunikasjon det handlar om lenger, men å hekte deg på innhald.

Rein meiner vi som samfunn må innsjå at føremålet med some-plattformene ikkje er det dei ein gong var, og at dei utgjer ein risiko for samfunnslivet. Han viser til at utanlandsk påverknad, gjennom både innhaldsskaparar og etterretningstenester, kan truge det norske samfunnet, og at mellom anna Nasjonal sikkerheitsmyndigheit peiker på desinformasjon i sosiale medium som ein trugsel for landet.

– Heile samfunnsstrukturen vår som demokrati er bygd på truverdig fordeling av informasjon og at folk kan ta informerte val, men det er ikkje mogleg lenger.

Treng vi dette?

Rein meiner styresmaktene må gå kraftig inn og regulere some-plattformene. EU har allereie gjort mykje. Han meiner det er lågthengande frukter for regjeringa å gå hardt ut mot tek-gigantane og innføre kraftige mottiltak.

– Eg er sikker på at sjølv dei aller fleste som lagar innhald, er for ei innstramming. Når folk er ute og snakkar om hets og trugslar, og kor forferdeleg det er, har politikarane mandatet sitt.

Han spår også at ei meiningsmåling blant folket ville vist at dei fleste ønsker å bruke mindre tid på sosiale medium enn dei gjer i dag. Oppmodinga hans til regjeringa er klar:

– Køyr på. Ver dei som set grensa internasjonalt for kva vi gjer; ikkje vent på at Australia skal gå først. Vi kan gå først, og vi er godt posisjonerte, seier han.