Sekstimarsdag – yay or nay?
Vi har spurt ungdomspartia kva dei meiner om sekstimars arbeidsdag.
– Det er direkte kommunisme, skriv FpU-leiar Lars Mikael Barstad Løvold i ein epost til Framtida.
Dei siste vekene har debatten rasa rundt korleis ein får balansert arbeidstid og fritid. Småbarnsmor (og tidlegare Framtida-journalist) Ingvild Eide Leirfall har oppmoda til sekstimarsdag, medan KrFU-leiar Ingrid Olina Hovland har terga på seg foreldre som sender eittåringar i barnehagen, ved å kalle det ein «sjuk kultur».
Vi har difor spurt ungdomspartia om dei meiner Noreg bør innføre sekstimarsdag eller liknande reduksjon i arbeidsveka.
– Nei, er det kontante svaret frå FpU.
– Næringslivet kan velge sjølv i dag om dei vil innføre kortare arbeidsdagar. Viss dei meiner at det hadde leia til meir produktivitet og effektivitet i kvardagen, er det ingenting som hindrar dei i å gjere det. Men dei gjer det ikkje, av ein grunn, slår Løvold fast.
Han meiner det siste staten burde gjere, er å gripe inn i næringslivet og frårøve bedrifter arbeidskraft som dei sårt treng.
Kva bør Noreg gjere, FpU?
Framtida har også spurt partia om staten bør ta ansvar for å gjere det lettare å balansere arbeidsliv og fritid eller forpliktingar i heimen, og kva forslag til tiltak partiet har for å gjere arbeidsveka meir fleksibel for folk.
Løvold skriv at staten bør ta mindre ansvar for folks arbeidskvardag, ikkje meir. FpU meiner ei liberalisering av arbeidsmiljølova vil gjere det lettare for folk å kombinere arbeid med kvardagen elles.
– Det at foreldre kan dra tidlegare frå jobb for å hente borna i barnehagen, for å jobbe meir på kveldstid, er ekstremt viktig for å sikre ein god balanse mellom privatliv og arbeidsliv, skriv han.
Han understreker at partiet fleire gonger har føreslått tilpassingar til arbeidsmiljølova for å gi unge tilgang til arbeid.
– Denne regjeringa har gått til kamp mot deltidsstillingar, som er svært viktige for unge. Ein stor del av dei som var tilsette i bemanningsbyrå, var unge studentar som trong ein deltidsjobb. Etter at regjeringa stramma inn på innleige, har arbeidsledigheita blant unge auka kraftig. Difor ønsker vi å reversere innstrammingane rundt innleige.
GU: – På høg tid
Grøn Ungdom, på si side, meiner det er på høg tid at Noreg innfører prøveprosjekt med sekstimarsdag eller firedagarsveke.
– Dei siste tiåra har samfunnet vårt blitt rikare og rikare, men tida glepp mellom fingrane våre, skriv leiar Henriette Sjursen-Eriksen i ein e-post.
– I tillegg til at folk jobbar seg sjuke, ventar staten å bruke 67 milliardar kroner på sjukepengar i 2026. Når sjukefråværet er ei av dei største utfordringane i norsk arbeidsliv, er det openbert at vi må prøve å sjå på nye løysingar, skriv ho.
Ho viser til at fleire bedrifter har forska på kortare arbeidsveke med gode resultat. Fleire har rapportert om lik eller auka produktivitet, og betre arbeidsmiljø og psykisk helse på jobb.
– Med 20 prosent mindre arbeidstid, auka tida til fritidsaktivitetar med 44 prosent. Det er slik ein bygger lukkelege liv. Heldigvis veks det opp ein ny generasjon som har andre tankar om balanse mellom jobb og fritid, enn den same gamle regla til Tonje Brenna og Sylvi Listhaug, om at vi skal jobbe meir og lenger. Det er lov å tenke nytt! Vi skuldar i alle fall arbeidstakarane å prøve, skriv ho.
Kva bør Noreg gjere, GU?
– Fritid er kjempeviktig å bevare; Kvalitetstid med familie, vener, tid til å vere frivillig eller bidra i lokalsamfunnet på andre måtar. Altfor mange opplever å ikkje ha tid til det i dag, skriv Sjursen-Eriksen.
Ho trur samfunnet vil tene på sikt på å teste ut nye løysingar som kan gi folk meir tid.
– Eg trur individet tener på det, og eg trur samfunnet tener på det.
GU meiner redusert arbeidstid, hentefri for småbarnsforeldre og fjernkontor der det er hensiktsmessig er gode tiltak for å gjere arbeidsdagen meir fleksibel.
SU: – Høgare produktivitet
GU får støtte frå Sosialistisk Ungdom, som meiner kortare arbeidstid gir mange fordelar.
– Stader kor dette har vore prøvd ut, har ein stort sett observert både høgare produktivitet dei timane ein er på jobb, og mindre sjukefråvær på grunn av lågare belasting, skriv leiar Audun Hammer Hovda på e-post.
– Nokre stader har også den auka produktiviteten vore større enn reduksjonen i arbeidstid. Men den aller viktigaste grunnen er at folk må få meir fritid til å gjere ting dei har lyst til.
Kva bør Noreg gjere, SU?
Hovda meiner demokratiet bør brukast til å skape betre liv der folk får meir fritid og må jobbe mindre.
– Det kan bety høgare studiestøtte sånn at færre må jobbe mykje ved sida av studia, eller betre bustadpolitikk sånn at folk slepp å ta både to og tre jobbar for å få spart opp eigenkapital.
– Det viktigaste er at arbeidsveka er trygg og føreseieleg – då vert fritida det òg.
AUF: – Gevinsten må fordelast
– Vi ønsker ei arbeidstidsreform, seier Sandra Tenud, leiar for skule, arbeid og bustad i AUF, på telefon til Framtida.
– Vi har hatt ein stor vekst i produktivitet med ny teknologi. Det burde frigjere tid i nokre sektorar. Når vi produserer meir, meir effektivt, med nye system, automatisering og kunstig intelligens, må gevinsten fordelast rettferdig til arbeidstakarar, seier ho.
Ungdomspartiet har ikkje vedteke politikk om kortare arbeidstid, men i haust skal landsmøtet derimot handsame eit nytt arbeidslivsprogram. I utkastet til dette programmet er det føreslått ei arbeidstidsreform basert på ei liknande reform som LO ønsker.
– I denne reforma føreslår LO ei reduksjon i normal arbeidstid over tid, seier Tenud.
Ho meiner ei så stor omlegging må gjerast i takt med auka produktivitet og verdiskaping.
– Dette er ganske naturleg, når arbeidslivet endrar seg så mykje som no. Reforma vil svare ut mange av dei negative retningane som arbeidslivet går i: høgare arbeidspress, slitasje og press over tid. Kortare arbeidstid kan gi betre helse og psykisk helse, seier ho.
Ho viser til at den unge generasjonen fort kan hamne utanfor arbeidslivet om ein ikkje tar betre grep om det psykososiale på jobb.
Kva bør Noreg gjere, AUF?
Tenud viser til at staten historisk har teke ansvar for arbeidstid gjennom trepartssamarbeidet, og saman med sterke fagforeiningar har innført rettar og sikra høve til å ha eit balansert liv.
– Det kan vere mykje positivt med teknologisk utvikling, men vi må også passe på at vi ikkje beveger oss meir og meir mot eit arbeidsliv der grenser mellom jobb og fritid vert viska ut, seier ho.
– Eg plar seie at dette er ein maraton, ikkje ein sprint. Unge skal stå i arbeidslivet i 40–50 år, og ein må forstå at vi stadig må forsvare dei rettskampane vi har hatt før. Om ikkje staten aktivt driv næringslivspolitikk, blir det vanskeleg å balansere jobb og fritid, seier ho.
Tenud meiner spelereglane i det norske arbeidslivet vert stadig meir utfordra av amerikanske modellar, med plattformøkonomi og appar. Uber og Bolt er døme på verksemder som har fått kritikk for uklare arbeidsforhold.
– Når det er utydeleg kven som er sjefen din, kor du jobbar, kva vaktene dine er, når rettane våre blir wishy-washy, blir arbeidslivet vanskelegare. Du kan seie at det er fleksibelt med valfridom, men du treng løna uansett, og kan ende opp med å måtte jobbe på tidspunkt som ikkje passar deg, du har ingen kontrakt, rettar, tillitsvalde og ingen å forhandle med, seier ho.
Skal ein gjere arbeidslivet meir fleksibelt, treng ein derimot fleire heile, faste stillingar, betre rettar og vern, og betre bemanning på jobb, slår ho fast.
Ho trekker også fram barnehagen som det viktigaste grepet for å gi familiar fridom og tryggleik.
– Få andre ting har sikra betre velferd for kvinner i Noreg. Barnehagen er ikkje berre eit oppbevaringstilbod, men han er viktig for familien for å sikre at ungane får den utvikligna deitreng.
UH: – Noreg treng meir verdiskaping
– Nei, Unge Høgre meiner vi treng meir verdiskaping og fleire i arbeid, ikkje kortare arbeidsdagar, svarar leiar Oda Røhme Sivertsen på spørsmålet om Noreg bør innføre sekstimarsdag.
Ho viser til at sekstimars arbeidsdagar vil bety færre arbeidstimar, høgare kostnader for bedrifter og større press på velferda.
– Vi har allereie i dag mangel på folk, særleg innanfor helsefaga. Då er vi avhengige av at dei som kan jobbe, også jobbar.
Kva bør Noreg gjere, UH?
Sivertsen meiner staten bør ta ansvar for å gi folk meir fridom til å styre liva sine sjølv, og meir fleksibilitet.
– Til dømes kan alternative turnusordningar for sjukepleiarar hjelpe. Men dei beste løysingane kjem nok til mellom arbeidsgivaren og arbeidstakaren.
UH ønsker fleksible ordningar, å la folk ta heimekontor, og å ha eit skattesystem der det løner seg å jobbe.
– Målet skal vere at folk får meir fridom til å styre jobb, ikkje fridom frå jobb.
UV: – Kan forhandle fram
Også Omar Svendsen-Yagci, leiar i Unge Venstre, trekker fram at sekstimarsdag vil koste dyrt for samfunnet, folk og velferda.
– Vi er ikkje tilhengarar av ein politisk bestemt sekstimarsdag, men meiner partane i arbeidslivet saman kan forhandle fram lågare arbeidstid med same løn til alle. Samtidig må folk stå fritt til å gå ned i stillingsprosent dersom dei ønsker å jobbe mindre, skriv han.
Han trekker fram at samfunnet treng meir, ikkje mindre arbeidskraft for å sikre verdiskaping og ein berekraftig velferdsstat i møte med eldrebølga, lågare fødsletal og trongare økonomisk handlingsrom.
– Konsekvensen kan bli mindre velferd og høgare skattar for framtidige generasjonar, skriv han.
Kva bør Noreg gjere, UV?
UV-leiaren meiner Noreg treng eit trygt og meir fleksibelt arbeidsliv for arbeidstakarane.
– I takt med eit stadig meir digitalisert samfunn har skiljet mellom arbeid og fritid vorte mindre tydeleg, noko som både gir moglegheiter og utfordringar.
– Vi ønsker at arbeidstakarar som har høve til det, får utvida rettar til heimekontor, men også rett til å logge av jobben. Slik gir vi folk større fridom til å tilpasse arbeidslivet etter eigne behov og ønske, skriv han.
Ungdomspartiet støttar samtidig bedrifter som tenker nytt om korleis arbeidsveka vert organisert, og at ein kan redusere talet på arbeidsdagar eller arbeidstimar gjennom trepartssystemet.
Senterungdommen: – Færre arbeidsføre
Nils Forren, leiar i Senterungdommen, meiner også at Noreg må halde på 8-timarsdagen.
– Vi veit at vi vert færre i arbeidsfør alder som skal syte for dei som er eldre. Då må vi legge til rette for at ein kan jobbe, skriv han.
Han poengterer at sekstimarsdagen ikkje vil vere eit treffsikkert tiltak for småbarnsforeldre.
Kva bør Noreg gjere, Senterungdommen?
Forren meiner staten bør ta ansvar for å gjere det lettare å balansere arbeidsliv og heimetid.
– Vi i Senterungdommen er for å vidareføre kontantstøtta og auke barnetrygda. Og så er vi veldig nøgde med at samordningsregelen vart fjerna i årets jordbruksoppgjer.
Denne samordningsregelen gjorde at inntekter bønder får utanfor gardsdrifta, inkludert til dømes foreldrepengar, vart trekte frå summen når tilskot til avløysar vart rekna ut.
Senterungdommen ønsker at småbarnsforeldre som jobbar 80 prosent opparbeider seg pensjonsrettar til 100 prosent. Partiet vil utvide den frie kvota i foreldrepermisjonen og innføre ein «storfamiliepakke» til dei som får barn nummer tre, til dømes ei skattelette.
Raud Ungdom og KrFU har ikkje svara på spørsmåla frå Framtida.













