Framtida.no oppsummerer dei viktigaste nyheitene denne veka.

Framtida.no oppsummerer dei viktigaste nyheitene denne veka.
Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert
Verdas helseorganisasjon (WHO) har erklært eit utbrot av ebola-viruset i Sentral-Afrika som ei internasjonal helsekrise.
Det er meldt om minst 139 dødsfall og 540 smittetilfelle i dei to landa.
Det såkalla Bundibugyo-viruset er ein variant av ebola med høg dødelegheit. Under eit utbrot i Kongo i 2012 tok Bundibugyo-viruset livet av ein tredel av dei smitta.
Det finst ingen vaksine, og ifølge WHO kan det ta seks til ni månader å utvikle ein vaksine.
Ifølge WHO har arbeidet med å spore smitten vorte seinka av manglande kapasitet. Ekspertar påpeiker at USA og andre viktige donorar har kutta i finansiering av globalt helsearbeid.
Den indiske statsministeren Narendra Modi var på offisielt besøk til Noreg denne veka. Han drøfta mellom anna Ukraina-krigen med statsminister Jonas Gahr Støre (Ap), og tok til orde for at Ukraina og Russland må ha diplomatiske samtalar for å få slutt på konflikten.
Modi hadde også audiens hos kong Harald, der han fekk utdelt Storkorset av Den Kongelege Norske Fortjenstorden. Utdelinga har fått kritikk, mellom anna av Amnesty International Norge, som påpeiker at Modi har «grove menneskerettsbrot» på samvitet.
Støre forsvarar tildelinga overfor Nettavisen, og påpeiker at India er ein viktig handelspartnar for Noreg.
Det har vore store opptøyar i hovudstaden La Paz i Bolivia når demonstrantar og politi har barka saman.
Demonstrantane krev at president Rodrigo Paz Pereira trekker seg, berre seks månader etter at han vart innsett. Bønder, gruvearbeidarar, lærarar og urfolk har stått i spissen for demonstrasjonane, som har gått føre seg i fleire veker. Paz Pereira er den første sentrum-høgre-presidenten etter over 20 år med sosialistisk styre.
Demonstrantane krev mellom anna høgare løn, større økonomisk stabilitet og stans av privatisering av statlege verksemder. Landet opplever ei stor økonomisk krise som følger av redusert energiproduksjon og mangel på amerikanske dollar.
Fire personar har døydd som følge av samanstøytane, og dusinvis har vorte skadde.
USAs viseutanriksminister har kalla demonstrasjonane eit «coup d’état», altså eit statskupp, medan Colombias president Gustavo Petro har kalla president Paz Pereira ein marionett for USA.
KrFU-leiar Ingrid Olina Hovland (21) har terga på seg norske småbarnsforeldre og ekspertar. Ho har sagt at Noreg har ein «sjuk kultur» når ein sender små born i barnehage.
– Eg personleg ville aldri sendt ein eittåring i barnehage, seier ho til VG og viser til forsking som peiker på stressnivå for dei yngste i barnehagen.
Ho kritiserer Arbeidarpartiet for å legge ideologiske føringar om at borna skal i barnehagen så fort som mogleg.
AUF-leiar Gaute Skjervø understrekar at barnehage i Noreg er ei «fantastisk moglegheit», ikkje tvang, medan NTNU-professor emerita May Britt Drugli slår fast at det ikkje finst forsking som seier at det er skadeleg for ein eittåring å vere i barnehage.
Itamar Ben-Gvir, tryggleiksministeren i Israel, la onsdag ut ein video som viste aktivistar med hendene bundne bak ryggen, som bad og ropte, og vart slepne langs golvet. I videoen seier Ben-Gvir «Dette er korleis vi tar imot terrorstøttespelarar. Velkomen til Israel» og «Ikkje bry dykk om skrika deira».
430 aktivistar frå ei rekke land, mellom anna fire frå Noreg, deltok i ein naudhjelpskonvoi til Gaza, og vart tekne til fange av Israel i internasjonalt farvatn. Aktivistane er no deporterte.
Ben-Gvir får kritikk frå eigne rekker, då utanriksminister Gideon Sa’ar skuldar han for å skade omdømmet til Israel med «skammeleg framferd».
Noregs utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) seier at videoen gjer djupt inntrykk, og kallar behandlinga av aktivistane «fullstendig uakseptabel». Italias statsminister Giorgia Meloni har kalla handlingane til Israel uakseptable. Fleire andre europeiske land har reagert.
Statsminister Benjamin Netanyahu skriv på X at framferda til Ben-Gvir ikkje er i tråd med Israels verdiar og normer.
I fjor var det registrert 308 000 studentar i høgare utdanning i Noreg. Det er eit rekordhøgt tal, som har stige med 15 prosent sidan 2016.
Stadig fleire studentar fullfører utdanninga, opplyser Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.
Ein stor del av veksten i utdanning har kome på masterutdanningane. Om lag seks av ti fullførte masterstudiet på normert tid i fjor. Det er det høgaste nivået som er registrert.
I 2025 var det dessutan rekordmange utvekslingsstudentar som kom til Noreg (11 600), og rekordmange norske studentar som reiste på utdanning til utlandet (8200).


