Karakterane til norske studentar har vorte betre
Snittkarakteren blant norske studentar har auka frå litt under til litt over C dei siste 20 åra, men det er lite som tyder på karakterinflasjon.
Snittkarakteren har auka frå 3,93 (litt under C) i 2005 til 4,06 (litt over C) i 2024, målt på ein skala der A svarer til 6 og F svarer til 1. Det svarer til ein auke på rundt ein sjudel av eit karaktertrinn.
– Det kjem an på kva ein samanliknar med, men eg vil ikkje seie at det er ein stor auke, seier forskar Marte E.S. Ulvestad ved Nifu til Khrono.
Andelen studentar som får A, har auka frå 11,4 prosent i 2005 til 14,5 prosent i 2024. Samtidig har strykprosenten gått svakt ned.
Nifu-forskarane meiner at omtrent to tredelar av karakterauken har strukturelle årsaker. Det handlar mellom anna om at karakterane til studentane frå vidaregåande har auka, og at studievala har endra seg.
Ein mindre del av auken kan komme av at det har vorte lettare å få gode karakterar, men dette svarer til ein heilt marginal auke på mindre enn ein tiandedel av eit karaktertrinn.
Under pandemien steig gjennomsnittskarakteren frå 4,07 i 2019 til 4,19 i 2020 og 2021, men fall deretter tilbake til normalen.






