Polen anerkjenner første likekjønna ekteskap

For første gong har polske styresmakter anerkjent eit likekjønna ekteskap.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Førre veke vart det for første gong i Polen skrive ut ein kopi av ein vigselattest for eit likekjønna par.

I Polen er det stadig ikkje lovleg for likekjønna par å gifte seg, men EU har kravd at Polen godkjenner likekjønna ekteskap som er inngåtte i andre EU-land.

No har altså styresmaktene i hovudstaden Warszawa registrert eit likekjønna ekteskap. Ordføraren i Warszawa har uttala at byen vil gå aktivt inn for å anerkjenne andre polske likekjønna ekteskap.

Kampen for LHBTQ-rettar i Polen har vore hard. Under den førre regjeringa, med statsminister Mateusz Morawiecki frå det høgrepopulistiske partiet Lov og rettferd i spissen, erklærte kring 100 byar og fylke seg som «LHBT-frie soner».

Polens nye president, Donald Tusk, lova å legalisere likekjønna partnarskap då han kom til makta, men har møtt motstand frå konservative krefter i sin eigen regjeringskoalisjon.

Ei meiningsmåling frå Ipsos+ viser at 67 prosent av polakkar støttar likekjønna ekteskap eller anna juridisk anerkjenning av likekjønna par.