Åtvarar russen: – Ikkje verdt å risikere liv og helse
Tolletaten åtvarar mot kjøp av falsk sprit, som kan innehalde farlege stoff.
Beslaget vart gjort etter at tollarar tok ut ein norskregistrert personbil til kontroll. I bilen fann dei fleire pappesker fylte med spritflasker som hadde ulik alkoholprosent, var dårleg merkte og inneheldt ulike mengder væske.
– Innhaldet verkar ofte som ekte og trygt, men kan i realiteten utgjere ein helserisiko, seier seksjonssjef Rune Orderud i Tolletaten i ei pressemelding.
Han åtvarar om at drikkevarene i verste fall kan innehalde metanol, som kan vere svært giftig sjølv i små dosar.
– No er russetida i full gong, og vi veit det blir konsumert mykje alkohol blant unge. Mange er nok freista til å kjøpe alkohol frå ulovlege utsalsstader fordi det er billigare, men å spare nokre kroner er på ingen måte verdt å risikere eige liv og helse for, seier Orderud.
Prøver og bilete av brennevinet er sende til produsentane for verifisering, og saka er meld til politiet.

Tolletaten har gjort eit beslag på til saman 246 liter av det dei mistenkjer er falsk sprit. Beslaget vart gjort på ein grenseovergang ved Ørje. Foto: Tolletaten / Handout / NTB / NPK






