Elon Musk tapte i retten mot OpenAI

Etter tre veker med rettssak tapte Elon Musk mot OpenAI sin leiar Sam Altman.

Hedda Aurdal
Publisert

Måndag 18. mai vart det kjent at Elon Musk tapte søksmålet sitt mot OpenAI. Hovudgrunnen til juryen er at Musk venta for lenge med å saksøkje Sam Altman og selskapet.

Etter ei tre veker lang rettssak, der dei fekk høyre forklaringane til både Musk og Altman, brukte juryen under to timar på måndag til å bli samde om å frikjenne OpenAI.

Føler seg lurt

Elon Musk skulda Sam Altman for å gjere om OpenAI frå ein ideell organisasjon, altså ein organisasjon som ikkje har som mål å tene pengar, til eit kommersielt selskap. Musk donerte 38 millionar dollar til OpenAI i startfasen.

Musk seier han føler seg lurt av Altman. Han meiner at det opphavlege målet til OpenAI var å vere ein ideell organisasjon med mål om å utvikle kunstig intelligens for å hjelpe menneskeslekta.

Då Altman tok imot pengane hans og gjorde om OpenAI til eit kommersielt selskap, meiner Musk at han braut kontrakten om å vere ein ikkje-kommersiell organisasjon.

I søksmålet kravde Musk at 134 milliardar dollar skulle bli flytta frå OpenAI sin kommersielle del til den ikkje-kommersielle delen av selskapet. I tillegg kravde han at Altman og ein person til skulle bli fjerna frå stillingane sine.

Vil anke

Elon Musk donerte pengar til OpenAI i 2015, og forlét selskapet i 2018. Juryen var difor einstemmig samde om at fristen for å saksøkje hadde gått ut. Dei meinte også at det var nok bevis på at Musk var klar over at planen til OpenAI alltid var å bli til ein ikkje-kommersiell organisasjon.

Dommaren i saka Yvonne Gonzalez Rogers stilte seg bak juryen si avgjerd, og frikjente med det Sam Altman og OpenAI.

Musk har sidan kritisert avgjerda på X og sagt at han vil anke saka. OpenAI sin advokat William Savitt seier at dei er «nøgde med at juryen har komme fram til riktig resultat.»