Aukar straumstøtta – men ikkje for studentane
I revidert nasjonalbudsjett set regjeringa av totalt 21,5 milliardar kroner til generell straumstøtte. Studentane er ikkje inkluderte.
Studentane er ikkje nemnde som del av ordninga for noregspris i revidert nasjonalbudsjett som vart lagt fram tysdag, skriv NRK.
Budsjettpartnarane Ap, Sp, SV, Raudt og MDG lova tidlegare i vår at studentbustader skulle inkluderast i noregsprisen, som sikrar kundane føreseielege straumprisar.
Studentane får heller ikkje auka studiestøtte.
– Det er skuffande at ein ikkje prioriterer ei så sårbar gruppe som allereie står i ein hardt pressa økonomisk situasjon, seier Ada Margrethe Seim, studentleiar i Søraust-Noreg, til NRK.
I utgangspunktet hadde regjeringa sett av 9,1 milliardar kroner til straumstøtteordningane, inkludert noregspris, men hadde varsla at dette ville bli justert opp i revidert nasjonalbudsjett.
I det reviderte budsjettet som vart lagt fram tysdag, foreslår regjeringa å bruke 4,9 milliardar kroner mindre frå oljefondet samanlikna med det som vart vedteke før jul.
Til VG seier finansminister Jens Stoltenberg (Ap) at dei aukar løyvingane til noregspris, slik at samla generell straumstøtte blir auka med ti milliardar kroner, opp til 21,5 milliardar.





