Politikk og samfunn

«Gjer bind og tampongar gratis»

Noreg har pengar. Det er ikkje der problemet ligg. Spørsmålet er kva vi vel å prioritere, skriv Hedda Sofie Riddervold.

Hedda Sofie Riddervold (22)
Styremedlem i Akershus Unge Venstre
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Før eg startar dette innlegget, vil eg berre minne politikarar, og eigentleg alle andre, om éin ting: Kvinner finst. Vi utgjer faktisk halvparten av befolkninga.

Likevel verkar det ikkje alltid slik når ein ser kva pengane blir brukte på. Politikarane finn rom i budsjettet til mykje rart: å halde politikontor opne der det bur få folk, gratis ferjer for pendlarar og kutt i studielån for dei som bur langt unna byane. Men å investere i noko halvparten av befolkninga er heilt avhengig av, verkar langt vanskelegare.

Ja, fordi det gjeld kvinner.

I gjennomsnitt bruker ei kvinne rundt 732 kroner i året på menstruasjonsprodukt, og om lag 27 283 kroner gjennom livet.

Kva i all verda?

Samtidig er det rundt 1,3 millionar kvinner i Noreg mellom 13 og 50 år, altså over 20 prosent av befolkninga.

Dette er ikkje eit nisjeproblem. Det er eit samfunnsproblem.

Likevel blir enorme summar brukte på andre prosjekt. Berre oppsplittinga av fylkeskommunar har nærma seg 800 millionar kroner.

For slike summar kunne ein gitt gratis bind og tampongar til svært mange, kanskje i fleire år.

Og så har vi dei verkeleg store prosjekta, som ferjefri E39, som er anslått å koste rundt 382 milliardar kroner. For slike beløp kunne alle kvinner mellom 13 og 50 år hatt gratis bind og tampongar resten av livet.

Noreg har pengar. Det er ikkje der problemet ligg. Spørsmålet er kva vi vel å prioritere.

For mange kvinner handlar dette ikkje om luksus, men om nødvendige produkt for å få kvardagen til å gå rundt. Ingen kan velje bort mensen. Kvifor må ein då betale så mykje for å handtere han?

Dette handlar ikkje berre om økonomi. Det handlar om likestilling.

Gjer bind og tampongar gratis.