No kan du tene ein halv million for å sjå Haaland spele

Dersom du er klar for ein sommarjobb i ein gjennomsiktig boks på Times Square, kan det vere draumejobben som er utlyst av Fox Sports.

NPK-NTB
Publisert

Éin person skal påskjønnast med nær ein halv million kroner for å sjå alle 104 VM-kampane i ein boks på Times Square i New York.

Det er rettshavar Fox Sports som har lyst ut det som for mange fotballelskarar enkelt kan beskrivast som ein historisk sommarjobb.

Stillinga, som i annonsen blir omtalt som «sjef for VM-sjåing», kjem også med ei heftig lønn. For 39 dagar med jobb får ein betalt ikkje mindre enn 50.000 dollar (462.669 kroner).

Men samtidig må ein sjå kvart einaste minutt av VM-festen. Personen som får jobben, skal sitje i ein gjennomsiktig boks midt i Times Square, som er ein av dei travlaste stadene i USA.

– Det vil vere den beste sommarjobben på marknaden, men berre for ein vill supporter som er villig til å få denne «once in a lifetime»-opplevinga, skriv Fox i pressemeldinga.

Interesserte fotballfans kan søkje på jobben gjennom rekrutteringsselskapet Indeed. Den utvalde vil få beskjed 6. juni undervegs i Fox’ sending av baseballkampen mellom Boston Red Sox og New York Yankees.

Første dag på jobb blir 11. juni for å sjå kampen mellom Mexico og Sør-Afrika. VM varer fram til finalen utanfor New York 19. juli.

Noreg skal i puljespelet møte Irak, Senegal og Frankrike.