Klima og miljø

«Regjeringas oljedraum er mitt verste mareritt»

Eg trur menneska som får øydelagt matgrunnlaget som følge av ekstremvêr, bryr seg lite om olja som skapte klimaendringane blei utvinna i Noreg eller Saudi-Arabia, skriv Vivian Kaulen Nedenes frå Sosialistisk Ungdom.

Vivian Kaulen Nedenes (23)
Innstilt miljøpolitisk leiar i Sosialistisk Ungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Regjeringa lyste tysdag ut 70 nye leiteområde for olje- og gass, mange av dei nærare kysten enn noko gong tidlegare. Dette gjer dei berre dagar etter den globale Santa Marta konferansen, der bortimot 60 land fastslo at verda må bli mindre avhengige av fossil energi. Den norske regjeringa vel på si side å oversjå alle råd frå fagfolk og går aktivt inn for ein varsla miljøkatastrofe som øydelegg Noregs moglegheit til utvikling og energiomstilling.

Ikkje berre er fleire av dei nye leiteområda i sårbar natur, men ei slik oljesatsing vil også trykke inn bremsen for grøne næringar. Når staten investerer så tungt i oljeindustrien bind dei opp kapital som elles kunne bidratt til framtidas grøne løysningar. Det er særleg synd for oljearbeidarane, som kunne vore berebjelkane for omstillinga vi skal gjennom. Dei sit på verdifull, og i mange tilfelle overførbar kompetanse, hadde dei berre fått tillita til å bruke den.

Dersom Noreg skal nå våre klimamål er vi avhengige av å bryte med oljeselskapa sine premissar, mellom anna når det gjeld påstanden om at norsk olje er reinare enn annan olje.

Meir enn 90 prosent av utsleppa kjem når olja brennes, altså uavhengig av kor rein produksjonen er.

Dermed er inga olje rein, og eg trur menneska som får øydelagt matgrunnlaget som følge av ekstremvêr, bryr seg lite om olja som skapte klimaendringane blei utvinna i Noreg eller Saudi-Arabia.

Vidare er eit midlertidig økt behov for gass ikkje ein god nok grunn til å opne felt som varar i 20–40 år. Vi veit at Europa, som er Noregs tettaste samarbeidspartnar på energi, skal vekk frå den fossile avhengnaden. Økt etterspurnad no er dermed inga garantist for etterspurnad i framtida. Til slutt peiker Verdas Økonomiske Forum på at klimaendringar er den største trusselen mot verdsøkonomien i eit langtidsperspektiv. Med andre ord inneber det stor risiko å vidareføre oljealderen, slik AP no legg opp til.

Deira oljedraum er for lengst blitt mitt verste mareritt, men om ingen snart klyp dei i armen, er eg sikker på at tida før eller seinare vil gjere det.

Oljealderen er over, så får regjeringa avgjere om Noreg blir med inn i framtida eller ikkje.