«Rovdyrsynet til Senterungdommen er ikkje røyndomsnært»
Noregs eigne lover og internasjonale konvensjonar seier at naturen skal vege tyngst og at skyting av rovdyr skal vere siste utveg, men det er ikkje realiteten i dag, skriv Peder Reitbakken frå Unge Venstre.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett frå bokmål av redaksjonen.
Nyleg skreiv Senterungdommens Linnea Mølslet at dagens rovdyrpolitikk ikkje var streng nok.
Det er heilt på jordet.
Vi er allereie godt på veg til utrydding av rovdyra, mykje takka vere Senterpartiet.
Vi har den lågaste ulvebestanden på ti år, det blir gitt fleire og fleire utvidingar til å skyte i nødverje, bestandsmåla har no vorte maksimumstal i staden for minimumstal, og verst av alt:
I vinter vart det gitt løyve til å ta livet av 27 av dei 33 ulvane som er att i Noreg.
Dette kom frå Klima- og miljødepartementet, med velsigninga til både departementet og regjeringa. Det er nærast perverst.
Det er ikkje vanskeleg å felle rovdyr
Til samanlikning har Sverige og Finland meir enn ti gonger så mange ulvar som oss, kvar.
Og høgare sjølvforsyningsgrad.
Korleis i alle dagar er dette mogleg?
Jo, fordi det rovdyrsynet Senterungdommen har, er ikkje røyndomsnært i det heile.
Sanninga er at over 80 prosent av sau som går tapt, døyr av ulykker, som drukning, sjukdommar og påkøyrslar – ikkje rovdyr. Kanskje Senterungdommen burde ta sinnet utover dei som køyrer i staden?
Samtidig har det berre blitt færre og færre beitedyr som blir teke av rovdyr dei siste åra.
Og når husdyr først blir teke av rovdyr, er det viktig å ha gode erstatningar for bøndene. Det har vi i Noreg i dag – Faktisk.no rekna ut for nokre år sidan at ein fekk opptil ni gonger meir i erstatning dersom sau og lam blir teke av rovdyr, enn det ein ville fått dersom ein selde det i slaktevekt.
Problemet er ikkje at det er vanskeleg å felle rovdyr – men at det ikkje er vanskeleg nok.
Mølslet skriv at «omsynet til beitenæringa skal vege tyngst». Ein kan fint meine det, men det stemmer rett og slett ikkje. Noregs eigne lover og internasjonale konvensjonar seier at naturen skal vege tyngst og at skyting av rovdyr skal vere siste utveg, men det er ikkje realiteten i dag.
Det blir skote for mange
Dei siste ti åra har berre 1 prosent av fellingane vore ulovlege. Med andre ord har 99 prosent av fellingane vore fullt lovlege. Og det blir skote mange.
Realiteten er at Bern-konvensjonen no går til sak mot oss fordi vi har ein inhuman rovdyrpolitikk, og ber oss om å styrkje rovdyrvernet.
Vi er midt i ei naturkrise, og har nokre av dei lågaste rovdyrtala i Europa.
Neste gong Mølslet og Senterungdommen blir trigger-happy, tilrår eg dei å ta seg eit djupt pust, og skyte på blink i staden.
● Les også: «Skal rovdyra ta av matfatet vårt?»






