Bokmelding: Hvis jeg var Agnes – ei bok alle burde lese

Hvis jeg var Agnes er ei av dei sterkaste bøkene eg har lese.

Sigrid Forbord Hoseth
Publisert

«Hvis jeg var Agnes kunne noen sydd meg sammen igjen. Ikke med gamle tråder som ryker når jeg trekker i dem. Ikke med nåler som stikker. Med sting som holder. Og de ville sagt: Nå er du hel. Og jeg ville trodd på det. Men jeg er ikke Agnes. Jeg er Astrid.»

Hvis jeg var Agnes er den første skjønnlitterære boka til Nikoline Riis Lindahl. Romanen tek for seg ei forteljing om vanskelege familierelasjonar og omsorgssvikt, frå synspunktet til eit barn; hovudpersonen Astrid. Når mor til Astrid plutseleg ein dag får nok, og forlèt den valdelege mannen sin, står Astrid igjen aleine med faren. Nokre gongar får ho sove hos bestemora, men ettersom ho vert eldre, har ikkje Astrid igjen nokon andre enn Agnes; dokka hennar.

Gjer stort inntrykk

Språket tek tematikken og romanen til eit heilt anna nivå. Store delar av forteljinga er formidla gjennom korte setningar, som skapar eit fantastisk innblikk for lesaren.

Å setje seg inn i ei forteljing og kjensla formidla gjennom forteljinga, fortalt av eit barn, kan vere vanskeleg, men ikkje i Hvis jeg var Agnes. Sidan ein ser forteljinga gjennom hovudpersonen sine auge, får ein som lesar innblikk i korleis hovudpersonen opplever ulike situasjonar.

Kvar ei kjensle, kvart eit inntrykk, er skildra så godt at ein som lesar kan stå igjen med ei kjensle av å ha tatt del i handlinga sjølv. Og sidan handlinga og tematikken i boka er så seriøs, gjer Hvis jeg var Agnes stort inntrykk på ein som lesar.

Lærerik

Tematikken i romanen er sår og vanskeleg. Han skildrar korleis eit barn opplever å verte utsett for svik, sorg og grov omsorgssvikt. Hvis jeg var Agnes er ikkje ei bok du les ferdig, legg frå deg, og gløymer. Snarare tvert imot.

Tematikken går igjen i fleire romanar, men språket og formidlinga av forteljinga gjer boka heilt eiga, og kanskje også direkte lærerik. Eg meiner at alle som jobbar med barn, spesielt sårbare barn, bør lese denne boka. Ingen vanskelege historier er like, men gjennom å lese denne boka får ein kanskje litt meir forståing og moglegheit til å i større grad vere ein trygg og forståingsfull vaksenperson.

Hvis eg var Agnes er ei forteljing om eit barn som treng hjelp, men ikkje får hjelpa ho treng. Å formidle historia hennar gjennom boka, kan bidra til å gi ei sterkare forståing hos andre som ikkje har opplevd noko liknande. Samstundes kan det vere ei trøyst å lese boka om ein har opplevd dette sjølv.

Hvis jeg var Agnes er ei av dei sterkaste bøkene eg har lese. Med eit vakkert språk, vert ei fæl forteljing formidla. Hvis jeg var Agnes er ikkje berre ei bok, men eit sterkt innblikk i korleis livet kan vere når eit barn opplever omsorgssvikt.