Fyrste val i Gaza på 20 år
For fyrste gong på 20 år har Gazastripa vore med i eit val i Palestina.
Sundag vart stemmeurnene på Gazastripa lukka, for fyrste gong sidan 2006. Det skriv Al Jazeera.
Sjølv om det har vore val på Vestbreidda sidan den gong, har det ikkje inkludert Gazastripa på 20 år.
Valet er eit lokalval, og palestinske myndigheiter beskriv det som eit symbolsk «testval», for å vise at Gaza ikkje kan utelatast frå ein framtidig palestinsk stat.
Dei fleste som blei røysta fram i valet, skal vere lojale til Fatah, partiet til Mahmoud Abbas, som er presidenten i Palestina.
Hamas har styrt på Gaza sidan 2007, men ingen kandidatar frå Hamas stilte offisielt til val. Likevel trur fleire analytikarar at nokre av kandidatane truleg støttar gruppa.
Sjølv om meir enn 1,5 millionar var registrerte til å røyste, var det berre 23 prosent i Gaza som røysta. På Vestbreidda er talet 56 prosent.
– Det lave røystetalet skuldast eit utdatert register over befolkninga på grunn av folkemordet, medan den overlevande befolkninga er fortrengd, med heimlause på gatene som er for opptatte med å overleve, seier Al Jazeera-reporter Hind Khoudary.
Nokre av stemmeurnene og røysteutstyret skal ha vorte stansa av Israel.
Khoudary meiner det er openbert at israelske styrkar avgrensar det som kjem inn på Gazastripa.






