«Skal rovdyra ta av matfatet vårt?»
– Dersom bønder gir opp beitebruk på grunn av rovdyrpress, taper både landbruket, kulturlandskapet og beredskapen vår, skriv Linnea Mølslet i Senterungdommen.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Teksta er omsett frå bokmål av redaksjonen.
For mange som har vakse opp i byane utan å ha sett eit husdyr, blir ofte rovviltdebatten teoretisk og røyndomsfjern. For bønder og folk i distrikta handlar dette om kvardagen, dyrevelferd og tryggleik for å kunne nytte naturen slik han alltid har blitt nytta. Difor er det bra at Senterungdommen tek til orde for ein strengare og meir realistisk rovdyrpolitikk enn det fleste andre parti gjer.
Må nytte utmarksbeita
Kvart einaste år opplever bønder store tap av sau og andre beitedyr som følgje av rovvilt, dette er ikkje berre påstandar, men realiteten. Bak kvart tal skjuler det seg dyr som lid, bønder som mistar inntekt og familiar som kjenner seg makteslause i den store debatten. Når dette skjer år etter år, er det tydeleg at dagens politikk ikkje fungerer godt nok. Han forvaltar ikkje og viser ikkje omsyn til dei som produserer matfatet vårt.
Omsynet til beitenæringa skal vege tyngst, noko som ikkje er realiteten i dagens rovviltpolitikk. Slik det er i dag, så får rovdyra vandre rundt i skog og mark og gjere dei øydeleggingane dei sjølv ønskjer. Då er det viktig at vi spør oss sjølv: Er det verkeleg slik at rovdyra skal ta av matfatet vårt?
Norsk matproduksjon er avhengig av at vi nyttar utmarksbeita våre. Dersom bønder gir opp beitebruk på grunn av rovdyrpress, taper både landbruket, kulturlandskapet og beredskapen vår.
Naudsynt med strengare politikk
Løyve til skadefelling bør kome raskare på plass. Dette er både fornuftig og naudsynt politikk. Streifdyr gjer store skadar på kort tid, og byråkratiske prosessar må ikkje stå i vegen når situasjonen hastar.
Lokal kunnskap må få større plass i forvaltninga. Dei som lever tett på utfordringane veit best kva som trengst, så kvifor er ikkje dagens rovviltpolitikk meir tillitsbasert mellom dei som blir ramma av rovdyra og tap av dyr og dei som til sjuande og sist må ta avgjerdene?
Rovviltpolitikken må ikkje styrast av symbolpolitikk og avstand til røynda. Han må styrast av sunn fornuft, dyrevelferd og respekt for dei som sørger for mat på fatet. Difor er det naudsynt at vi vedtek ein strengare rovdyrpolitikk. Helst i går.
Det handlar ikkje om at det er gøy å skyte på ville dyr. Men det handlar om ein respekt for dei som står på kvar einaste dag, for at vi skal ha noko å leve av. Det handlar om prioriteringar, og det vi skal prioritere er gode og trygge beiteområde i heile Noreg.






