Politikk og samfunn

«Noreg treng ein abortdebatt prega av alvor, nyansar og ansvar»

Når ein trekkjer debatten ut i slike ytterpunkt, bidreg ein ikkje til meir fridom. Ein risikerer å svekkje tilliten til heile abortordninga, skriv Wilhelm Hjorth-Strand frå FpU.

Wilhelm Hjorth-Strand (18)
Nestleiar i Rogaland FpU og 1. nestleiar i Sandnes og Jæren FpU
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Abortdebatten handlar om fleire omsyn samstundes: fridom, liv og ansvar. Nettopp difor er det oppsiktsvekkjande når leiaren i Raud Ungdom seier at ho ikkje ser nokon grunn til at abort i veke 39 ikkje skal vere lov.

Dette er ikkje ein nyanse i debatten. Det er eit ekstremt standpunkt.

For dei fleste menneske finst det ei grense – eit punkt der dette ikkje lenger berre handlar om «min kropp, mitt val».

Når ein som politisk leiar vel å ignorere den grensa, må ein òg tole sterke reaksjonar.

Unngår debatten

Det mest problematiske er likevel ikkje berre sjølve utsegna, men måten ho blir møtt på. Å koke ned heile diskusjonen til kvinners rettar er ikkje å ta debatten på alvor – det er å unngå henne.

Som leiar har ein eit ansvar for å bidra til ein opplyst og ærleg samtale, ikkje redusere henne til slagord.

For oss i Framstegspartiets Ungdom er utgangspunktet klart: fridom – under ansvar. Ein skal ha rett til å ta eigne val, men ein kan ikkje late som om vala ikkje har konsekvensar. Abort er ikkje ein bagatell. Det er ikkje ein rett som bør utvidast utan grenser.

Ikkje ei reell problemstilling

Realiteten er at 95 prosent av abortane skjer før veke 12, ifølgje FHI. Seinabortar skjer nesten utelukkande i alvorlege medisinske situasjonar. Ingen seriøse fagmiljø diskuterer abort éi veke før termin som ei reell problemstilling.

Likevel vel leiaren i Rød Ungdom å gå dit. Det er ikkje berre unødvendig – det er uansvarleg.

Når ein trekkjer debatten ut i slike ytterpunkt, bidreg ein ikkje til meir fridom. Ein risikerer å svekkje tilliten til heile abortordninga.

Samtidig må vi vere tydelege: Dette handlar ikkje om å ta frå kvinner retten til å bestemme over eigen kropp. Det handlar om å erkjenne at òg fridom har grenser, og at dess lengre ut i svangerskapet ein kjem, dess meir komplekst blir det.

Noreg treng ein abortdebatt prega av alvor, nyansar og ansvar. Då treng vi òg politiske leiarar som tek ansvar for orda sine – ikkje leiarar som skyv grensene så langt at dei mistar legitimitet.