Eksamenstekst: «Med storebror i lomma»
Les eksamensteksta Sigrid Avdem vann Fridthiov Oos’ pris for.
Eksamenssvaret i norsk hovudmål frå 2025 er publisert med løyve. Teksta er språkvaska av Framtida.no.
Oppgåve:
Den britiske forfattaren George Orwell gav ut romanen 1984 i 1949. Romanen teiknar eit dystert bilete av korleis framtida vil sjå ut i 1984. Orwell skildrar eit diktatur som overvaker innbyggjarane sine og driv med massiv propaganda. Vedlegget er eit utdrag frå opninga av romanen. Her møter vi hovudpersonen Winston Smith.
Skriv eit essay der du utforskar og reflekterer over innhaldet i tekstane.
Vedlegg:
– 1984 av George Orwell (1949). Utdrag frå roman.
– «Storebror ser deg – og får deg til å oppføre deg annerledes» av Georg Mathisen (2019). Utdrag frå artikkel på forskning.no.
– #algoritmen av Eva Stricker Schønnemann (2024). Innlegg på Instagram.
Solstrålane tittar fram frå bak trekronene og varmar andletet mitt. Eg har sett frå meg ranselen og teke fram nistepakka. Brødskive med gulost. I det eg set meg ned på ein kjølig trestubbe tikkar det inn ei melding på telefonen: «Ny rekord på skritt! Det tek deg 30 minutt å gå heim».
Eg får lyst til å hive telefonen i bekken, men eg veit at favorittartisten slepper ny plate i kveld, så eg tek meg i det. I-landsproblem. Av og til skulle eg likevel ynskje eg var ein av øydemarkenes menn. Utan kamera og tv-produksjon sjølvsagt. Aleine i villmarka. Eller ein eller anna bunadskledd skikkelse i ei nasjonalromantisk forteljing, der eg sit på ei steintrapp og gjer meg klar til å kinne smør. Eg kan nesten strekkje meg så langt å seie at eg kunne vurdert å gått i hovudkarakteren i Sult sine sko, men kanskje berre for ein dag, hadde det betydd at eg kunne sleppe den konstante overvakinga i dagens samfunn.
Som borgarar i eit digitalt samfunn legg vi igjen digitale fotspor overalt som gjer det mogleg for ulike aktørar å overvake oss. Mobiltelefonane våre sender jamleg signal til næraste basestasjon, folk kan sjå kven du brukar tid saman med gjennom venelister på sosiale medium, og bileta du deler fortel i stor grad korleis du ynskjer å stå fram. (Tørdal, 2021) Dette kan kanskje stå fram som harmlaust, men i artikkelen «Storebror ser deg – og får deg til å oppføre deg annerledes» fortel førstelektor ved Høgskolen i Østfold at «Digitale spor er et problem selv om du ikke har noe å skjule». (Mathisen, 2019) For kva skjer når informasjonen kjem på avvegar? Kva skjer om ein innbrotstjuv no ser at eg er på søndagstur i skogen, og huset står tomt?
Dagens overvaking har mange parallellar til romanen 1984 av den britiske forfattaren George Orwell. Den blei utgjeven i 1949 og skildrar eit diktatur som driv med massiv propaganda og overvaking av innbyggjarane sine. Det kjende uttrykket «storebror ser deg» kjem frå denne boka og blir i dag brukt som ein metafor for overvakinga myndigheitene gjer overfor sine eigne borgarar. I 2013 kom det til dømes fram korleis amerikanske myndigheiter i mange år hadde hatt tilgang til personinformasjon frå serverane til mellom anna Google, Microsoft og Facebook. Og trass prinsippa om ytringsfridom og pressefridom som USA er så kjende for, tyder ei rekke avsløringar på at myndigheitene i USA overvaker journalistar og motarbeider fri flyt av informasjon. (Tørdal & Overland, Pressefrihet og overvåkning i USA, 2022)
Også i Noreg blir vi overvaka av myndigheitene. Informasjon samla inn om enkeltpersonar er ein viktig del av arbeidet med å førebygge terrorhandlingar. Likevel har vi lover og reglar som set grenser for kva informasjon myndigheitene har lov til å samle inn om oss. I 1978 blei Datatilsynet oppretta for å sikre personvernet til innbyggjarane og for å hindre ulovleg overvaking og datainnsamling. (Aspøy, 2024) Myndigheitene har altså god kontroll på kva vi driv med. Men dei er ikkje dei einaste.
Metaforen «storebror ser deg» viser også til «veslebrør», då i form av at små og store kommersielle aktørar, offentlege institusjonar og ideelle organisasjonar samlar og brukar data om deg. (Tørdal, Overvåking og personvern i det digitale samfunnet, 2021) Alt du ser på internett er skreddarsydd dine interesser takka vere algoritmar. I eit instagraminnlegg av Eva Stricker Schønnemann ser vi eit bilete av to personar, ein mykje mindre enn den andre. Den minste seier «Jeg bestemmer selv». Til dette svarer den store skikkelsen som skal representere algoritmen: «so cute» (Schønnemann, 2024). Dette er altså essensen i makta internett har over oss. Vi takkar alle gledeleg ja til «cookies» men i staden for søte kjeks gir du heller frå deg data.
Eg pirkar på gulosten som ligg halvsveitt på brødskiva. Ein svak vibrasjon frå lomma. Det er mobiltelefonen. Det er som han kallar på meg i eit ukjent språk. Som om han veit at det er ei stund sidan eg har trykt på knappane hans. Dette konstante maset minner meg på historia om Winston i 1984. I utdraget frå opninga av romanen blir hovudpersonen skildra i det han skrur ned volumet på «teleskjermen». Teleskjermen «kunne dempes, men det var ikke mulig å stenge det helt av.» Slik kan vår digitale kvardag også skildrast. Eg er ikkje på mobilen, men likevel sender den uendelege mengder signal om kva eg gjer, og kor eg er. Overvakinga er alltid der.
Det verkar som at alt skal samlast inn, ja til og med gjennomsnittsfarten på søndagsturen i skogen. All denne innsamlinga gjer meg nesten svimmel. Eg kan ikkje hugse sist gong eg følte meg verkeleg fri. No er eg nesten redd eg har blitt så avhengig av å bli «passa på» at fridomen heller vil opplevast som noko skummelt. Eg har hamna opp i mi eiga eksistensielle krise. Jean-Paul Sartre sa at menneska er dømt til å vere frie. Da spør eg som Henrik Skaug Sætra: «Hvor fri er du egentlig hvis noen alltid ser hva du gjør?» (Mathisen, 2019)
Er det i det heile mogleg å få tilbake fridomen vår? Eller blir vi alle nøydd til å gjere som Hamsun sin Isak Sellanrå og starte eit nytt liv i skogen? Sætra seier at: «For at menneskene skal kunne være seg selv og utvikle seg, trenger de et lite rom der ingen ser dem. Der er de frie til å utvikle seg uten å tenke på hva andre tenker og mener om det de gjør». (Mathisen, 2019) I 1984 var dette rommet mørke og søvn: «En måtte leve – levde, av vane som ble til instinkt – med den antagelsen at hver lyd du laget ble overhørt, og hver minste bevegelse ble iakttatt, bortsett fra i mørke.» Slik er det også i dag for mange, og det kan verke som at det kjem til å fortsette slik i uviss framtid. Om vi faktisk ynskjer fridom frå overvaking vil nok det beste tipset vere å legge vekk mobiltelefonen. Eit anna spørsmål er om dette er mogleg i praksis.
Brødskiva er eten opp, og eg reiser meg frå stubben. Baken er støl og litt kald, noko telefonen sikkert allereie har plukka opp. Eg tek på meg ranselen igjen og byrjar å gå. Storebror er med, med telefonen trygt i lomma.
Bibliografi
Aspøy, A. (2024, November 25). Datatilsynet. Henta Mai 16, 2025 frå https://snl.no/Datatilsynet
Mathisen, G. (2019, 22. oktober). Storebror ser deg – og får deg til å oppføre deg annerledes. Forskning.no. https://www.forskning.no/big-data-internett-mobiltelefon/storebror-ser-deg–og-far-deg-til-a-oppfore-deg-annerledes/1580694
Orwell, G. (2016). 1984 (B. A. Herrman, Overs.). Gyldendal. (Opphavleg gitt ut 1949). Stricker Schønnemann, E. (2024, 13. september). #algoritmen. Instagram. https://www.instagram.com/evastrickerschonnemann/?igsh=Y2tlcGd6cm81anh5
Tørdal, R. M. (2021, Oktober 18). Overvåking og personvern i det digitale samfunnet. Henta Mai 16, 2025 frå https://ndla.no/nb/r/medieuttrykk-3/overvaking-og-personvern-i-det- digitale-samfunnet/6ed4a83c34
Tørdal, R. M., & Overland, J.-A. (2022, Januar 5). Pressefrihet og overvåkning i USA. Henta Mai 16, 2025 frå https://ndla.no/nb/r/medie–og-informasjonskunnskap-2/pressefrihet-og-overvakning-i-usa/e7d588d6b5






