Kanye West-konsertar avlyste i fleire europeiske land
Kanye West normaliserer hat, meiner kulturministeren i Polen – eitt av fleire land der konsertplanar har gått i vasken for den kontroversielle artisten.
Silesian Stadium i den polske byen Chorzów har kunngjort at den planlagde konserten med West 19. juni er avlyst, på grunn av «formelle og juridiske grunnar».
Kulturminister Marta Cienkowska har tidlegare kome med krass kritikk mot rapparen.
Kanye West – også kjent som Ye – har gjort og sagt mange kontroversielle ting som har blitt møtt med skuldingar om antisemittisme dei siste åra. Mellom anna stilte han på podkasten til ytre høgre-figur Alex Jones og sa «Eg ser gode ting ved Hitler», publiserte ein song kalla Heil Hitler og selde t-skjorter med hakekors på.
Han hevda seinare at han hadde «mista kontakt med verkelegheita» på grunn av bipolar liding, og at han ikkje er nazist eller antisemitt, men derimot elskar jødar.
– Normalisering av hat
Like fullt meiner kulturministeren i Polen at han burde hindrast i å opptre i eit land som framleis ber arr etter holocaust.
– Vi kan ikkje leike at dette berre er underhaldning, seier ho i ein uttale.
– Dette er ikkje «kontroversar». Dette er bevisst kryssing av ei grense og normalisering av hat.
Også fotballstadionen St. Jakob-Park i Sveits har avlyst ein planlagd konsert med West etter ei «nøye vurdering».
– Vi kan ikkje, i tråd med verdiane våre, tilby ei plattform for den aktuelle artisten i denne konteksten, sa ein talsperson for FC Basel til Reuters.
Nekta innreise
I Frankrike har West utsett konserten sin i Marseille, etter at innanriksminister Laurent Núñez har forsøkt å stanse konserten.
I eit innlegg på X skreiv West at han ønsker å gjere opp for seg, og at han skjønar at det tar tid å forstå at han er oppriktig.
Då konserten først vart annonsert, skreiv Marseille-ordførar Benoit Payan på X at han nekta å tillate at Marseille vart eit utstillingsvindauge for nokon som promoterer hat og nazisme.
I Storbritannia har West vorte nekta innreise. Han skulle opphavleg opptre på Wireless Festival. No har heile festivalen vorte avlyst.
Innanriksdepartementet i Storbritannia opplyser at styresmaktene kan hindre utanlandske i å komme inn i landet dersom besøket deira ikkje vert rekna som gunstig for det offentlege.
West vart i fjor også nekta innreise i Australia.






