Den yngste folkevalde i Uganda meiner valet var rigga
Folkevalde Robert Maseruka trur unge i Uganda let vere å protestere i frykt for å bli drepne.
Denne artikkelen er ein del av prosjektet «Gen Z i maktas korridorar» støtta av Fritt Ord. I denne serien løftar Framtida utanrikspolitiske saker sett frå andre land.
– Vi må ikkje la oss skremme av at dei seier vi er for unge, fortel Robert Maseruka (25) til Framtida.no over ein telefonsamtale på Whatsapp.
Under valet i Uganda i januar blei Maseruka vald til den yngste representanten i nasjonalforsamlinga. Det svarar til Stortinget i Noreg.

Robert Maseruka (25) er den yngste parlamentsrepresentanten i Uganda. Foto: Privat
– Dei som er leiarar no starta då dei var like gamle som oss. Om vi ynskjer å endre dette landet er det no vi må byrje, seier Maseruka.
Han er heile 56 år yngre enn presidenten i Uganda, Yoweri Museveni (81). I januar blei Museveni blei gjenvald, og 2026 er hans førtiande år som president.
Byrja som studentleiar
Maseruka sin politiske karriere starta då han studerte journalistikk på det største universitetet i Uganda, Makerere University.
– Det fyrste året hjelpte eg ein annan student som stilte som «Guild Representative Councellor», fortel han.
Maseruka forklarar stillinga som fakultetet sin øvste studentrepresentant. Året etter stilte han sjølv. Det var då han fyrst blei kjent med det politiske partiet National Unity Platform (NUP).
– Då eg stilte som «Guild president» var det for partiet NUP, forklarer Maseruka.
«Guild president» er den øvste studentleiaren på Makerere University og ei viktig politisk stilling. På nasjonalt nivå er NUP i opposisjon, men partiet er svært populært blant unge. Kvart år sidan 2023 har den øvste studentleiaren på Makerere høyrd til partiet NUP.
– Etterpå blei eg vald som fyrstekandidaten for NUP i Mukono South, fortel Maseruka.
I valkampen fokuserte han på publikumet han kjente best: dei unge.
– Det er 135 000 menneske i Mukono South. Kvart år er det 3500 unge som ikkje fullfører barneskulen og 2500 som ikkje fullfører ungdomsskulen, fortel han.
Sjølv om barneskulen er gratis i Uganda finn Unicef at over 40 prosent ikkje fullfører barneskulen.
– Og så må folk ha noko å gjere sjølv om dei droppar ut. Dei må bli utstyrte til å kunne tene pengar, seier Maseruka.

Maseruka fokuserte på dei unge i valkampen. Foto: Privat
Men han er også oppteken av problemstillingar som rammar uavhengig av alder:
– Det er fleire øyer i valkrinsen min. Dei som bur her har vanskeleg for å komme seg til helsestasjonen og borna der må flytte om dei vil halde fram å gå på skulen, fortel han.
Å overtyde dei eldre
I Uganda er det, i likskap med mange andre afrikanske land, viktig å ha respekt for dei eldre.
– Det var vanskeleg å overtyde dei eldre om å stemme på meg. Kvifor skulle dei stemme på ein 25-åring når dei kunne stemme på ein med dobbelt så mykje erfaring? spør Maseruka.

For å nå dei i valkrinsen sin er Maseruka nøydd å kunne prate til både dei som kan lese og dei som ikkje kan det. Foto: Privat
Han fortel at mange forventar at ein leiar skal ha ein familie, ein heim og lang erfaring. Sjølv trur han erfaringa som studentleiar var viktig for å vinne valet.
– Eg lærte korleis eg kunne kommunisere med andre. I valkrinsen min er det både folk som kan lese og analfabetar. Eg var nøydd å gjere bodskapen min enkel å forstå, fortel han.
Slik Maseruka ser det er levekåra i landet den største utfordringa.
– Nokon har ikkje ein gong klede på kroppen. Nokon får ikkje grunnleggjande behov som mat og vatn dekte, seier han.
Maseruka meiner likevel at landet har ressursane til at alle kan leve verdige liv, dersom dei blir fordelt rettferdig.
– Om nokon drikk champagne og andre drikk vatn er det betre å dele slik at alle kan drikke brus. Det handlar om å prioritere dei fattige, og om å sjå på dei som menneske, fortel Maseruka.
Leia av 80- og 90-åringar
Sjølv om presidenten i Uganda er 81 år gamal er han yngre enn sine kollegaer i Elfenbeinskysten (84 år), Ekvatorial-Guinea (83 år), Zimbabwe (83 år), Malawi (85 år) og Kamerun (93 år). Likevel har Afrika den yngste befolkninga i verda, med 400 millionar menneske mellom 15 og 35 år.
Då Museveni tok over leiinga av det Aust-Afrikanske Fellesskap (East African Community) i mars i år brukte han opningstalen sin til å sende eit stikk til generasjon-Z-opprørarar. Han oppfordra unge til å fokusere på strukturelle økonomiske problem heller enn demonstrasjonar.
– Eg tykkjer heller at dei bør sjå på årsaka til at dei unge demonstrerer. Dei gjer det ikkje ut av ingenting, seier Maseruka.
Han skulle ynskje fokuset heller var på å involvere unge og få sine behov møtt.

Valkampplakatar for president Yoweri Museveni frå januar 2026. Foto: AP Photo/Hajarah Nalwadda
Organisert utan ein organisasjon
Morten Bøås, seniorforskar ved Institutt for Norsk utenrikspolitisk institutt (NUPI), trur heller ikkje folk protesterer utan grunn:
– Det er ikkje slik at dei plutseleg var sinte. I kvart tilfelle har det vore ei utløysande årsak, fortel Bøås over telefon.
Protestar i fleire afrikanske land, inkludert Kenya, Madagaskar, Togo, Marokko og Tanzania har fått merkelappen «generasjon z-opprør». Bøås er skeptisk til omgrepet, og spør om det verkeleg er ein eigen generasjonsbevisstheit hjå dei fødde mellom 1997 og 2012:
– Det er nok ikkje noko spesifikt med dette alderssegmentet. Det er heller ein ung generasjon som har internasjonalisert sosiale mediebruk og nyttar det på ein eigen måte, seier Bøås.

Morten Bøås. Foto: Nupi
Han meiner fellesnemnaren for desse demonstrasjonane er nettopp sosiale medium, som skaper ei form for organisering utan leiing.
Det er mykje lettare for eit undertrykkande apparat om dei veit kven som står bak.
– Det er vanskeleg med desse protestane fordi det er ei organisering utan organisasjon, seier Bøås.
Valet blir kritisert
I tilknyting til valet i Uganda kritiserte valobservatørar frå EU tilfelle av arrestasjonar, vald og trugslar. Både EU og USA meinte valet i Uganda ikkje møtte grunnleggjande demokratiske standardar.
– Nokon seier dei aldri har sett eit verre val enn i 2026. Det var mykje kriminalitet og stemmerigging, ikkje berre i presidentvalet, men også i dei andre vala, fortel Maseruka.
NUP-leiar Robert Kyagulanyi, betre kjent under artistnamnet «Bobi Wine», flykta til USA under valet i Uganda.
– Leiaren for NUP flykte landet for å berge livet sitt. Militæret omringa huset hans, fortel Maseruka.
Etter valet blei kona hans angripen i heimen deira.

Robert Maseruka kledd i NUP-uniform under valkampanjen. Foto: Privat
Eit udemokratisk nabolag
Valet i Uganda har mange likskapar til valet i Tanzania i 2025. Også det var prega av trakasseringar, bortføringar og trugslar mot opposisjonspolitikarar og journalistar. Men etter valet i Tanzania følgde protestar der hundrevis blei drepne av politi og militære:
– Det var eit ekstremt sjokk i Tanzania. Denne typen statsrepresaliar har aldri skjedd i Tanzania før, fortel forskar Bøås.
Bøås har likevel ei forklaring på kvifor det ikkje var like mykje protestar i Uganda som i Tanzania. Han peikar på at Uganda har levd i Museveni-regimet i generasjonar. Brorparten av befolkninga hugsar ikkje noko anna, og forventar undertrykkande taktikkar.
– Dei veit kva som skal skje, forklarar han.
Let vere å protestere i frykt
Også Maseruka trur folk veit kva som vil skje om dei protesterer:
– Så snart vi lyftar plakatane våre trekker dei fram våpena. Fordi dei unge ynskjer å leve har dei lagt frå seg ideen om å demonstrere, meiner Maseruka.
Men det betyr ikkje at han meiner at alt håp er ute.
– Ein gong er eg sikker på at vi skal ha frie og rettferdige val i Uganda, avsluttar Maseruka.

Robert Maseruka starta som studentleiar. No er han den yngste folkevalde i Uganda. Foto: Privat






