10 prosent av verdshava er no verna

Saman har land rundt om i verda nådd eit viktig mål. No er nemleg over ti prosent av havområda på jorda verna.

Ragnhild Marie Kjosbakken
Publisert

Denne saka vart først publisert av systeravisa vår, Framtida Junior.

No har 5 millionar kvadratkilometer av verdshava – eit område som er større enn Norden – fått status som verna, informerer Verdas naturvernorganisasjon (IUCN).

At eit havområde er verna, vil seie at området er beskytta mot inngrep i framtida. Dette gjeld inngrep som ulike typar fiske, utslepp og utbygging av til dømes oljeplattformer.

I Noreg er 4,6 prosent av havområda verna på denne måten, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

– Vi er alle avhengige av havet for å overleve. Over halvparten av oksygenet i verda blir produsert av liv i havet seier, seier Neville Ash i FN.

Han meiner det er grunn til å feire at over 10 prosent av havområde i verda no er verna, men peiker på at det må jobbast vidare for å verne meir.

Verdas naturvernorganisasjon har nemleg som mål å verne 30 prosent av verdas havområde innan 2030.