«Kvinnekampen er ikkje over før valden er over»
«Me må hugsa at kjønnsbasert vald er ein del av likestillingskampen,» skriv Constance Wintherbo.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Å leva eit liv utan vald, er ein heilt grunnleggjande menneskerett. Denne menneskeretten har ikkje alle kvinner i dag. Det er ingen land som ikkje lid av kjønnsbasert vald.
Eit av Noregs største folkehelseproblem er vald i nære relasjonar. Seksuell vald er utbreidd. Kvart fjerde norske drap er gjort av den tidlegare eller dåverande partnaren til offeret, og ni av ti partnardrapsoffer er kvinner.
Bagatellisert og gløymt
Folk spør meg ofte kvifor eg er feminist, sidan «menn og kvinner allereie er likestilte». Eg ser stadig overskrifter, lesarinnlegg, podkastar, studiar og kommentarar på sosiale medium som viser at fleire og fleire meiner likestilling har gått for langt.
Samtidig ser eg kjønnsbasert vald overalt.
Ungdom, særleg unge jenter, blir utsette for ei oversett form for vald. Kjærastvald, eller vald i unge relasjonar, blir altfor ofte bagatellisert og gløymt. Dette blir spegla til og med i straffelova. Paragraf 282. Mishandling i nære relasjonar krev at offeret og utøvaren bur saman eller har budd saman.
Forsking slår fast, gong på gong, at ungdom ikkje veit nok om kjærastvald. Offer for kjærastvald er gjerne i sitt første forhold, og manglar erfaring om korleis forholdet skal vera. Manglande kunnskap gjer dei ekstra sårbare.
Den største kartlegginga om seksualitetsundervisning i skulen som nokosinne har vorte gjort framhevar behovet: 47 prosent av elevar er misfornøgde med kvaliteten på seksualundervisninga. Dei fleste lærarar og elevar ønskjer meir undervisning på grunnskulen. Det er faktisk så mange som 89 prosent av jenter som etterlyser dette.
Ikkje fullt så polarisert
Det er ikkje rart at særleg jenter vil ha meir undervisning, når under halvparten av elevar har lært om valdtekt, krenkingar og overgrep!
Det er uakseptabelt. Tilgang til heilskapleg seksualundervisning er ein menneskerett!
Sjølv om statistikken viser at færre og færre støtter likestillingskampen, var det berre Frp som stemde imot samtykkelova i fjor. Eg håpar det betyr at Noreg ikkje er så polarisert som det ofte kjennest ut som.
Eg trur (og håpar) at ingen seier seg usamd i «Stopp all vald mot kvinner». Om me alle er samde om dette, så er me jo eigentleg samde i at likestillinga bør førast vidare!
Me må hugsa at kjønnsbasert vald er ein del av likestillingskampen. Kvinnekampen er ikkje over før valden er over. Me i AUF er stolte over å føra vidare feminismen. Det burde du også vera!







