Yrket mitt:
Fredrick (25) er fallskjerminstruktør: – Det handlar om å anerkjenne frykta
Fredrick Wendt meiner fallskjermhopping er for alle som er villige til å ta sporten på alvor, lære og overvinne den vesle frykta som alltid vil vere der.
– Å kunne hjelpe nokon med å utfordre frykta si og gi dei ei enorm meistringskjensle er utruleg givande, skriv Fredrick Wendt på e-post til Framtida.no.
25-åringen frå Bærum er fallskjerminstruktør og operativ leiar for Voss fallskjermklubb.
– Fallskjermhopping er nok den sporten som får fram flest kjensler på kortast tid, både hos elevane og hos oss som jobbar med det, meiner han.
Ja til alle utfordringar
Det var ganske tilfeldig at Wendt enda opp i Voss fallskjermklubb.
Han hoppa sjølv for første gong under pandemien i 2020.
– Mange av oss kjente på at ein måtte sitte mykje heime utan særleg moglegheit til å utfordre seg sjølv. Så då det opna opp for aktivitetar igjen, bestemte eg meg for å seie ja til alle utfordringane som dukka opp.
Han fortel at det første hoppet var surrealistisk.
– Det er så mange inntrykk på éin gong at du ikkje heilt klarar å ta det innover deg der og då. Eg hugsar framleis kjensla av vinden første gong eg hoppa ut av flyet. Det var heilt unikt, skriv han.
Og med det vart han biten av basillen. Han la planane om vidare studium på is for å dykke inn i fallskjermhopping. Han hadde funne eit miljø som passa han perfekt.
– Alltid verdt strevet
Etter å ha blitt fanga opp av klubben, tok han instruktørutdanning gjennom Voss fallskjermklubb og Norges luftsportforbund. Då det vart lyst ut ei stilling som operativ leiar, søkte han på den.
Han visste at jobben kom til å vere krevjande og uføreseieleg til tider – og det har han vore. Heldigvis trivst Wendt best når ting skjer og når noko vert kravd av han.
– Det er då ein utviklar seg mest. Sjølv om ein kan bli sliten, er det alltid verdt strevet, skriv han.
Ingen like dagar
Wendt startar arbeidsdagen på hoppfeltet om morgonen. Han sjekkar inn med teamet som organiserer dagens hopp, og legg ein plan for å ta imot alle som skal hoppe – tandemstudentar, elevar i accelerated freefall (AFF) og sportshopparar.
Ein stor del av jobben hans er kommunikasjon. Han er bindeleddet som sørger for at kabalen går opp. Han kommuniserer mellom anna med flyoperatøren, som er heilt sentral for at det skal bli ein god dag på feltet.
Han sjekkar også inn med leiarane som organiserer hoppa frå flya vert lasta til dei landar trygt.
Viss det trengst fleire instruktørar, hoppar han av og til inn sjølv.
– Ingen dag er heilt lik. Det er litt av poenget.
Det mest utfordrande med arbeidsdagen hans er å sette grenser for seg sjølv.
– Det er alltid nokon som vil ha noko frå deg, og det kan vere krevjande å lære seg å seie nei, skriv han.
Prøver å skjule frykta
– Kva er det beste med jobben?
– Det er å kunne legge til rette for at folk får oppleve verdas beste idrett. Og miljøet, det er heilt unikt.
Det er mange kjensler i spel når nokon kjem for å ta fallskjermkurs.
– Dei fleste er veldig spente på kva som møter dei, og det er utruleg å sjå utviklinga i sjølvtilliten gjennom kurset, korleis dei går frå å lure på om dei får det til, til å faktisk meistre det, skriv han.
Han fortel at frykt er ein del av biletet når ein skal hoppe ut av eit fly, og at elevane handterer det på ulike måtar.
– Nokre prøver å vere «tøffe» og skjule frykta, men etter mi erfaring handlar det ikkje om å skjule henne, men å anerkjenne at ho er der, og likevel gjennomføre, skriv han.
Heilt vanlege folk
Wendt trur mange tenker at det er heilt spesielle menneske som jobbar med fallskjermhopping, at dei er toppatletar og uredde av natur. Det kan han avkrefte etter mange år i fallskjermmiljøet.
– Vi er stort sett heilt vanlege, litt eventyrlystne menneske.
Instruktørane møter menneske i alle aldrar og fasongar. Reint fysisk er det ikkje komplisert å hoppe i fallskjerm, skriv Wendt, men ein må ha med seg hovudet og vere klar over kva ein held på med.
– For meg er fallskjermhopping for alle som er villige til å ta sporten på alvor, lære og overvinne den vesle frykta som alltid vil vere der, skriv han.
Fekk skjerm rundt halsen
Han meiner yrket passar for dei som likar fart og spenning, og som ikkje ønsker seg ein A4-jobb.
– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?
– På eit AFF-instruktørhopp fekk eg pilotskjermen til ein elev – den vesle skjermen som drar ut hovudskjermen frå riggen – rundt halsen min i fritt fall. Eg fekk den heldigvis av meg, men eg var ikkje mange sekunda unna å bli ein «hangman» i fritt fall. Den gløymer eg ikkje, skriv han.
– Kva draumar har du for framtida?
– Eg drøymer om at Voss held fram med å vere den ekstremsportstaden det er, og at vi held fram med å utvikle oss som verdas beste hoppfelt.









