«Høg risiko» for valfusk – Tonje skal observere skjebnevalet i Ungarn
EU, Russland og USA held pusten når Ungarn går til valurnene på sundag. Norske Tonje skal observere korleis valdagen går føre seg. – Ein ser demokratiet i praksis, og kor sårbart det kan vere.
Denne artikkelen er ein del av prosjektet «Gen Z i maktas korridorar» støtta av Fritt Ord. I denne serien løftar Framtida utanrikspolitiske saker sett frå andre land.
– Valobservasjon er særleg viktig i ei tid der verdas demokrati er under press.
Det seier Tonje Holtan (33) til Framtida.no.
Denne veka er ho i Ungarn for Norcap for å vere valobservatør under helgas parlamentsval i landet.
Den sittande presidenten Viktor Orban har styrt landet i 16 år og vert skulda for autoritære og diktatoriske trekk. Partiet hans, Fidesz, er villig til å gå langt for å halde på makta. Orban er ein alliert av Putin, samstundes som han får støtte frå Trump-administrasjonen.
Men for Holtan og dei andre valobservatørane er det viktige å halde seg nøytrale, objektive og å stille med eit ope sinn.
– Ein må gjerne ha gjort seg opp tankar om korleis eit val kjem til å føregå, og ein kan ha formeiningar opp mot den politiske konteksten, men i denne rolla er det viktig å ikkje la seg farge av det. Du skal i prinsippet gjere den same jobben, uavhengig av kontekst, seier ho.
– Høg risiko for valfusk
Csilla Czimbalmos i Den Norske Helsingforskomité meiner at valobservatørane har god grunn til å vere årvakne under gjennomføringa av valet i Ungarn.
– Risikoen er ganske høg for valfusk, slår ho fast.
Ho seier at det tidlegare år har vorte dokumentert såkalla kjedestemming, der kjeder av folk vert pressa til å stemme på eit parti.
Dessutan har fattige i distrikta vorte køyrde med buss til vippedistrikt for å røyste, mot betaling i form av til dømes ein sekk poteter eller andre råvarer.
– Det skjer, og det er dokumentert, seier ho.
Kva gjer ein valobservatør?
Ein valobservatør gjer nettopp det som tittelen skildrar: Hen observerer eit val.
Som korttidsobservatør er føremålet hovudsakleg å følge med på korleis gjennomføringa av valet går føre seg på sjølve valdagen. Observatørane startar tidleg og observerer opningsprosedyrane, før dei reiser parvis rundt i vallokala.
Etter at vallokala stenger, observerer dei lukkeprosedyrane og oppteljing av stemmene.
Før valet vert dei brifa om mellom anna lokale vallover, den politiske situasjonen i landet, tryggleik og etikk.
– Ønsker eit svekt EU
Czimbalmos påpeiker at det er mange interesser knytte til dette valet, og at både USA og Russland følger nøye med. Om Orban og Fidesz vinn, vil Ungarn halde fram med å skape splid internt i EU og blokkere stønad til Ukraina og sanksjonar mot Russland, seier ho.
– Orban er ein trojansk hest i EU for Putin. Både Russland og USA er interesserte i eit svekt EU, og det er ingen som er betre posisjonert til å skape splid i unionen. Det er heller ikkje vanskeleg å sjå likskapar mellom politikken til Orban og Trump, med tanke på nasjonal suverenitet, kristen-nasjonale verdiar og illiberalismen som Trump promoterer. Der er dei på same plan, seier ho.
«Den gode Orban»
Csilla Czimbalmos trur opposisjonspartiet Tisza med presidentkandidat Peter Magyar kan vinne valet – eller i alle fall få flest røyster.
Ho spår i så fall eit tettare samarbeid mellom Ungarn og EU, noko som mellom anna kan utløyse meir stønad til Ukraina.
Magyar er EU-venleg og vil ta Ungarn i ei mindre autoritær retning.
– Men ungararane ser på Magyar som like konservativ som Orban, med mange av dei same verdiane. Dei eg har snakka med, kallar han «den gode Orban», seier ho.
Ho påpeiker mellom anna at han heldt seg unna pride-paraden i Budapest i fjor.
Intenst
Tonje Holtan har vore med på valobservasjon i fleire europeiske land tidlegare, mellom anna Bulgaria, Georgia og Albania.
– Valdagen er ganske intens. Det vert ein lang dag med mange inntrykk, fortel Holtan.
Hennar erfaring er at valobservatørar vert tekne godt imot når dei helser på valkommisjonen i vallokala.
– Folk er glade for at vi kjem. Det er sånn: «No skal vi vise deg – sånn gjer vi det her», seier ho.
Observatørane stiller spørsmåla dei skal, og så går dei rundt og observerer folk som stemmer. Dei noterer det dei ser av uregelmessigheiter.
Holtan understrekar at ikkje alle uregelmessigheiter er overlagd valfusk.
– Uregelmessigheiter kan oppstå av fleire årsaker. Det kan vere dårleg opplæring, så folk gjer ting på feil måte utan å meine det. Det er viktig at vi kartlegg og finn årsaka etterpå.
Dataa som observatørane samlar inn, går inn i ein større statistikk. Etter valet vert det lagt fram ei anbefaling til nasjonale styresmakter med observasjonar og vurderingar om korleis valet har vore gjennomført, og anbefalingar til neste val.
Det er ikkje observatørane sitt mandat å påpeike eller korrigere feil på staden. Dei skal berre observere.
– Vi kan stille spørsmål om ting, «Kvifor gjer de slik,» men veldig objektivt. Vi skal aldri seie «No gjer du feil» eller «Du kan ikkje gjere det på denne måten», seier ho.
Avkjølande effekt
Så langt har Holtan aldri sjølv observert oppsiktsvekkande brot på vallova.
– Ein kan ha ei forventing om at «i dag kjem eg til å sjå valfusk» eller at ein skal avdekke store greier. Men realiteten er ofte at valet går greitt føre seg, erfarer ho.
Likevel ser ho at viktige prinsipp vert brotne. Til dømes at fleire personar går inn i valavlukket samtidig.
– Det skjer bevisst eller ubevisst, også i Noreg. Vallova er veldig klar, men kanskje også utydeleg. Nokon har behov for hjelp i vallokalet. Då kan det oppstå ei gråsone, og det kan føre til at ein har veldig låg terskel for å tillate at fleire går inn saman – til dømes gamle ektepar. Då går ein litt imot prinsippet om hemmelege val, seier ho.
Holtan trur sjølve nærværet til valobservatørane kan ha ein avkjølande effekt. Ho meiner valobservasjon i seg sjølv er viktig.
– Det bidreg til å sikre openheit rundt valprosessar, og bidreg til at legitimiteten til valet og valresultata aukar. Det at det har vore ein uavhengig aktør til stades og observert i heile landet, gir ein veldig viktig tryggleik til befolkninga, seier ho.
– Ujamt spelerom
Czimbalmos fortel at organisasjonen OSCE tidlegare har skildra val i Ungarn som frie, men ikkje rettvise. Ho poengterer at vallova i landet er rigga til å favorisere Fidesz, partiet til Orban, og grensa mellom staten og regjeringspartiet er viska ut i landet. Det inneber mellom anna at Fidesz driv valkamp forkledd som «kulturell informasjon» frå staten. Statskanalane favoriserer også det regjerande partiet og gir minimalt med dekning av opposisjonen.
– Mykje er skeivfordelt. Det er eit ujamt spelerom. Det har blitt påpeikt i dei to førre vala, men ingenting har blitt retta opp i årets val. Dette valet kjem til å vere like urettvist som dei andre, seier ho.
Fidesz har også kontroll over røyster frå ungarske minoritetar i nabolanda.
– Eg håpar at valobservatørane er årvakne og har sett seg inn i moglegheitene som er der for å bøye og tøye reglane. Det har vore uregelmessigheiter før, seier ho.
– Tryggleiken sit høgt
Val handlar om storpolitikk, maktkamp og kan ofte auke konfliktnivået. Som nemnt er det mange storpolitiske aktørar som har noko på spel i dette valet.
Holtan fortel at ein del av dei mentale førebuingane valobservatørane må gjennom, er å forstå konteksten ein skal reise til, lære om tryggleiken i landet, og om det er eit høgrisikoland.
– Den europeiske konteksten er litt annleis enn i andre verdsdelar. Men ein tar alltid forholdsreglar, uansett kor ein reiser. Tryggleiken sit høgt, seier ho.
Ho er innstilt på at den politiske situasjonen rundt valet er spent, at det er mange kjensler, mykje engasjement og mange interesser i spel.
– Det er klart at det kan oppstå ubehagelege situasjonar. Som valobservatør skal ein ikkje aktivt oppsøke ein konflikt, men heller trekke seg unna. Ein er nøydd til å ta situasjonen som han kjem, seier ho.
– Meir og meir viktig
Holtan meiner at det er essensielt med uavhengige valobservatørar for å vareta og utvikle demokratiet best mogleg. Ho trur ein kan tenke at eit land er ferdig utvikla når det har fått demokrati.
– Men det er ofte eigentleg ganske sårbart. Når ein ser demokrati på verdsbasis som har tilbakegang og vert trekte i autoritær retning, tenker eg at valobservasjon blir meir og meir aktuelt og viktig. Det er viktig for å oppretthalde demokratiet. Valobservasjon bidreg til demokratiske prinsipp som opne, frie og rettferdige val, og at menneska i eit demokrati vert sikra rettane som demokratiet skal gi dei.
For henne har valobservasjon vore eit høve til å sette i praksis det teoretiske ho har lært under studium i samanliknande politikk.
Von om demokrati
Czimbalmos i Helsingforskomitéen vonar at Ungarn får ei demokratisk retning etter valet, og at ei ny regjering vil få høve til å rette opp ein del i systemet.
– Men det blir frykteleg vanskeleg. Fidesz-tentaklane går så djupt inn i samfunnet på så mange nivå. Det vil vere veldig vanskeleg å få til strukturelle endringar. Kanskje ikkje umogleg, men ei ny regjering må vere veldig smart for å gjere det ordentleg og bra. Viss denne valkampen har vore kjempetøff for opposisjonen, blir det endå tøffare å regjere viss dei vinn, seier ho.











