Influensar Dennis Asbjørnsen fekk seg høner som 19-åring

– Sjølvforsyning er ikkje alt eller ingenting. Du treng ikkje kjøpe deg gard og bli heiltidsbonde, seier profilen.

NPK – Heidi Molstad Andresen
Publisert

– Høner er ein ekstremt undervurdert matressurs. På mi eiga beredskapsliste står dyrking av potet og rotgrønsaker øvst, og høner som nummer to. Tomat og bønner og alt anna i kjøkkenhagen kjem mykje lenger ned, seier Dennis Asbjørnsen (28).

Sjølv var han berre tenåring då han tok til å undre seg over kva han skulle gjere om butikkhyllene brått vart tomme eller straumen forsvann over lengre tid.

Frå den forsiktige starten der han dyrka salat i ei kasse, har han i dag bygd opp ei av dei største plattformene i landet for kjøkkenhagar med Instagram-kontoen @spiselighage.

Trippande kinderegg

Dennis Asbjørnsen meiner alle bør ha potter, jord, frø, verktøy og bøker om kjøkenhage på beredskapslageret, om ein ikkje allereie har skapt ein etande hage. Foto: Helle Navratil

Det mange kanskje ikkje veit, er at byguten Asbjørnsen heilt sidan han var 19 år også har hatt kortreist tilgang på protein. Dei første hønene var rett nok mest til pynt og kos, men i dag har influensaren rigga seg til med rundt tjue ulike rasar i hagen utanfor Stavanger.

Dei fortel han inngåande om i si fjerde hagebok Litt bonde, som handlar om sjølvforsyning og eigenberedskap. Ifølgje boka betyr ikkje beredskap berre at du bør vite korleis du planlegg og lagar ein kjøkkenhage, kva du kan dyrke og korleis du gjer det, eller at du må ha grunnleggjande kunnskap om alt frå lagring og konservering til å lage mat utan straum. Alt dette lærer han sjølvsagt bort.

Men Asbjørnsen kan nesten ikkje få understreka nok kor viktig nettopp høner er når det gjeld matberedskap.

– Høner gir først og fremst dagleg tilgang på egg. Egg inneheld viktig protein, vitamin og mineral, kan brukast i det meste og lagrast i fleire månader. Om du vil lagre egga endå lenger, kan du skilje eggeplomma og kviten og fryse dei ned kvar for seg, seier han til Nynorsk pressekontor.

– I tillegg gir høner fiks ferdig gjødsel som betrar jorda i resten av hagen, og går dei fritt, held dei skadedyr unna. Når dei sluttar å leggje egg, kan ein til og med bruke kjøtet til mat! Alt dette får du, ved å gje dei vatn, litt spesialfôr og ditt eige matavfall kvar dag, fortel han ivrig.

Litt bonde

I Noreg er det lov å ha høner i hagen dei fleste stader, sjølv om reglane varierer frå kommune til kommune. I bustadfelt er det ofte ei grense på kor mange du kan ha. Asbjørnsen kjenner til og med folk som har små hønsehus i bakgarden i bygardar midt i urbane strok, seier han.

– Høner er sosiale dyr, så ein bør ha minimum to, og helst tre. Då er dei er ein god gjeng, som ikkje krev stort meir enn fem minutt kvar dag. På den tida rekk du fint å hente egg, gje mat og vatn og skifte ut gammal flis og høy. Det er lite innsats for mykje mat, seier Asbjørnsen, og nikkar til tittelen på den nye boka si.

– Sjølvforsyning er jo ikkje alt eller ingenting. Du treng ikkje kjøpe deg gard og bli heiltidsbonde. Du kan byrje i det små – og bli litt bonde.

Slipar øksa

Der nokon har høner som primært er mynta på kjøtproduksjon, held hobbyprodusentar som Asbjørnsen først og fremst høner for egga sin del.

Egg kan lagrast lenge. Legg dei i kartongar med den spisse enden ned – då held plomma seg sentrert, tipsar Asbjørnsen. Foto: Helle Navratil

Ei hobbyhøne legg fort 100–200 egg i året etter at ho har fylt eit par år. Alle rasar legg færre egg når dagane blir mørkare. For å halde oppe produksjonen om vinteren, kan ein difor montere ei lampe med tidsur i hønsehuset.

– Hønene mine gjer at eg kjenner meg som ein del av ein større samanheng, og dei gir både glede og rutine i kvardagen. Det kan jo også vere viktig i ein beredskapssituasjon, poengterer Asbjørnsen.

Førebels har han vore mest engasjert i den hyggelege delen av hønsehaldet. Han er likevel trygg på at også han evnar å traktere øksa om det ein dag krevst:

– Eg må vedgå at eg så langt har sett bort slaktinga til andre, men blir det matmangel, må eg sjølvsagt slakte sjølv. Det greier eg. Hønsekjøt smakar nydeleg i store gryter med frikasse!