I bokhylla: Hanne Eik flykta inn i Sagaen om Isfolket
Forfattaren kjenner seg att i Sally Rooney-karakteren Marianne. – Eg kan kjenne meg veldig igjen i menneske som har innvendige sår
– Maria Gripe sine bøker betydde mykje for meg som barn, og bøkene var nok døropnaren til at eg seinare sjølv byrja å skrive.
Forfattar Hanne Eik (45) var ein skikkeleg bokorm som barn og las sjølv frå ho var ganske lita.
Eik debuterte i 2020 med romanen Den gylne tigeren. No er ho aktuell med si første bok for unge vaksne, Den siste valkyrie. Her kan du lese kva Framtida.no sin meldar meiner om boka.
Fakta
Namn: Hanne Eik
Alder: 45
Frå: Stavanger, bur i Molde. Har også budd i Bergen, Sogndal og Tromsø og trivst i grunnen overalt i Noreg.
Utdanning: Biolog
Yrke: Skribent/forfattar
Kor mykje les du sjølv? Oi, det var eit vanskeleg spørsmål. Eg trur eg les om lag 50-100 bøker i året. I tillegg skumles eg ein del bøker, for å halde meg orientert innan dei ulike sjangrane.
Då Eik sjølv var i tenåra, gjorde Margit Sandemo sin serie Sagaen om Isfolket inntrykk.
– Eg hadde det veldig vanskeleg som tenåring, og eg trur eg overlevde litt takk vere Sandemo sin bokserie. Det vart ei verd eg kunne flykte inn i.
Logga av nett
I dag har forfattaren ingen favorittsjanger. Ho les ei blanding av romance, young adult og new adult, fantasy og meir «høglitterær» skjønnlitteratur, pluss litt sakprosa.
Det einaste ho styrer unna, er tørre faktabøker og krim. Ho er nemleg lettskremd, avslører Eik i ein e-post til Framtida.no.
På nattbordet hennar ligg ein stabel med ymse bøker. Der finn ein alt frå Heated rivalry av Rachel Reid, til Light on yoga av B.K.S. Iyengar, A million Junes av Emily Henry og På randen av Vigeland av Roy Jakobsen.

Bokomslag: Aschehoug
– Eg les ganske mykje e-bøker på telefonen, noko som gjer at eg kan lese litt om gongen, kvar som helst.
Eik har ingen sosiale medium-profilar, og i lange periodar les ho heller ikkje nettaviser og liknande. Ho har faktisk gått fleire år i strekk utan å sjekke så mykje som nrk.no.
– I staden bruker eg mykje ledig tid på å lese. Om eg ikkje gjorde slike val, som å stengje den digitale verda ute og berre leve i bok-verda, hadde eg ikkje klart å skrive bøker, trur eg.
X-faktoren
Eik trekker fram fleire ting ho tykkjer gjer ei bok god. Det kan vere ein klok bodskap eller skikkeleg godt språk. Det kjem litt an på sjangeren.
– Eg kan til dømes like ei lettlesen bok, som kanskje ikkje har det beste språket, men som er kjempemorosam.
I hovudsak meiner ho ei god bok er original på ein eller annan måte og at ho har x-faktoren som gjer at du blir hekta, eller i alle fall får lyst til å lese.
– I den skjønnlitterære verda vil eg seie at det òg er ei bok som gjer at du lever deg så mykje inn i boka at det verkeleg kjennest som eit ekte univers. Når det gjeld sakprosa og faktabøker, vil eg seie at det er ei bok som gjer at du ser verda litt annleis når du er ferdig med siste side.

«Gater jeg har levd» fekk òg Hanne Eik til å grine, le og bli sint. Kollasj av Framtida.no
Undervurdert forfattar
Boka Eik kunne ønske ho hadde skrive, er ei barnebok for dei yngste barna, som var så tett opp til ekte magisk at ho fekk barna til å få varig leseglede.
– Kva bok eller forfattar meiner du er undervurdert?
– Hm, det var eit vanskeleg spørsmål. Eg trur at nokre av dei forfattarane som er mest undervurderte, veit eg ikkje om, eingong. Det er jo mange flinke forfattarar som har uflaks med at bøkene deira ikkje blir antekne av eit forlag, eller at bøkene deira berre ikkje treffer tidsånda. Og andre forfattarar blir kanskje anerkjent av nokon, men samtidig vel hardt kritisert av andre.
Eik trekker fram at Margit Sandemo ikkje vart særleg anerkjent for forfattarskapen sin, sjølv om bøkene hennar betydde mykje for mange.

Bokomslag: Bladkompaniet
– Bøkene hennar var jo lettlesne og ikkje akkurat «høglitterære», men eg trur dei ville fått meir aksept i dag enn dei fekk då dei vart gitte ut. Det verkar som mange elska å hate henne og bøkene hennar. Det trur eg er gjeldande for nokon forfattarar òg i dag, og då kanskje særleg enkelte kvinnelege forfattarar?
Kjenner seg att i Alle andre
Om Eik berre skulle lese bøker frå éin forfattar heile livet, hadde ho gått for Sally Rooney.
– Eg liker ikkje alle bøkene hennar like godt, men eg elskar Alle andre og Intermezzo så høgt at eg ikkje ville risikert å gå glipp av nokon av dei andre bøkene hennar.
Marianne i Sally Rooneys Alle andre er bokkarakteren ho kjenner seg mest att i.
– Eg er på nokre måtar eit ganske skadd menneske, og eg synest relasjonar kan vere skikkeleg vanskelege.
Ho fortel at ho som tenåring hadde det ganske likt som Marianne i boka.

Sally Rooney si bok om Marianne og Connell vart ein suksess både i bok- og serieform. Omslag: Bonnier Norsk Forlag
– Eg var utetter veldig sterk, skuleflink og rappkjefta, men eg var utan sjølvvaretakingsevne, veldig einsam og opplevde mykje kjipt. No som vaksen har eg det betre – eg har vore gift med ein fantastisk mann i 19 år, og me har fem barn saman. Men eg ber enno med meg såra frå då eg var barn og tenåring, og eg kan kjenne meg veldig igjen i menneske som òg har innvendige sår.
Middag med Lindell og Attenborough
I boka Den siste valkyrie skriv Eik om Ava, som har ei sjuk mor som slit med å få det til å gå rundt. Ein dag får Ava ein invitasjon til ein mystisk konkurranse knytt til norrøn mytologi, der ho kan vinne tre millionar kroner.
Om boka hadde blitt filmatisert, ser forfattaren for seg ei til no uoppdaga, ung kvinne med bein i nasen i hovudrolla.
– Eit klokt hovud og eit hjarte som bankar for dei gode kreftene i verda, legg Eik til.
– Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?
– Haha! Unni Lindell. Eg har ete middag med henne tidlegare, og ho er eit skikkeleg kult, raust og originalt menneske.

Unni Lindell er ein av Noregs mestseljande krimforfattarar. Foto: Eivind Taksrud/Bonnier Norsk Forlag
Eik har òg ein annan kandidat som står høgt på lista. Ho er utdanna biolog, og hadde sett det som den største æra å servere David Attenborough eit måltid.
– Ikkje berre fordi han verkar å vere ein så innmari fin fyr. Eg ville ha takka han for at han fremjar så viktige bodskapar. Men eg trur han er ganske opptatt.






