Yrket mitt:
Ada (32) teikna Marius Borg Høiby i retten: – Spennande og intenst
Ada Wikdahl teikna 181 teikningar frå rettssaka til Marius Borg Høiby.
– Eg forventa ikkje at den aller første rettsteikninga mi skulle få så mykje merksemd. Men det å sjå komikarar lage memes og vitse om ho den første dagen, var ganske surrealistisk. Særleg innlegga til Javad El Bakali og Steinar Sagen vart delte flittig.
Det skriv Ada Wikdahl (32) på e-post til Framtida.no.
Du har garantert sett teikningane hennar i vinter. Ho var hyra inn av VG til å teikne frå rettssaka til Marius Borg Høiby, som gjekk over sju veker i februar og mars.
Ada Wikdahl (32)
Frå: Trondheim
Yrke: Frilans animatør og illustratør og filmarkivar. Byrjar som universitetslektor i animasjon 1. mai.
Utdanningar: Bachelor i illustrasjon og animasjon frå Kingston University i England. Master i filmvitskap frå NTNU, årsstudium i pedagogikk frå OsloMet, årsstudium i engelsk frå Universitetet i Oslo.
– Forventingane mine var at jobben kom til å bli spennande og intens. Begge stemte til dei grader! Sjølv ein som elskar å teikne, blir sliten i både hovudet og kroppen av å gjere det i så mange timar og dagar.
Difor brukar pressa rettsteikningar
Det er forbode å bruke kamera i rettssalen når retten er sett. Det har vore ulovleg i Noreg sidan 1981. Føremålet med lova er å unngå uro og stress for dommarar, tiltalte, offer og vitne.
Det er også forbode å filme eller ta bilete av sikta eller domfelte på veg til eller frå retten, viss dei ikkje samtykker til det.
Løysinga for media vert difor å teikne det som føregår i rettssakene. Meininga er ikkje å lage fotorealistiske eller pene teikningar, men å gi publikum eit vindauge inn i rettssalen.
Kjelde: Ung Forskning
181 teikningar
Wikdahl understrekar at jobben hennar som rettsteiknar ikkje er å vurdere eller dømme saka, men berre å teikne det ho ser. Det krev ein balanse. Ho kan forenkle, for å få teikna fort, men ikkje karikere, for det blir misvisande.
Alt i alt, inkludert revisjonar og teikningar som ikkje vart brukte, laga ho 181 teikningar over 27 dagar.
– Sjølv om eg visste at dette var ei stor sak, var eg ikkje førebudd på kor mykje merksemd teikningane ville få, skriv ho.
Ho fortel at responsen ho fekk var blanda.
– Det er kanskje ekstra utfordrande å teikne nokon «alle» veit kven er og korleis dei ser ut. Men eg har også fått gode tilbakemeldingar, særleg frå dei andre rettsteiknarane og VG, som trass alt er det viktigaste. Viss nokon skal meine noko om det du gjer, er det greitt å høyre på dei som veit kva jobben inneber, skriv ho.
– Draumen
Wikdahl er utdanna illustratør og jobbar frilans. Ho har gjort nokre oppdrag for VG tidlegare, og då rettssaka nærma seg, vart ho kontakta av avisa for å høyre om ho kunne ta på seg oppdraget.
Ho fortel at det kvar dag i retten var viktig å ha ein plan. Før prosedyrane starta, var det eit møte med redaksjonen der dei diskuterte kva som skulle skje i retten, og Wikdahl noterte seg kven det var viktig å få teikning av, kven som skulle anonymiserast og kor det var best for henne å sitte.
– Det viktigaste for ein rettsteiknar er å rapportere kva som skjer når retten er sett og det er fotoforbod, så eg sat i salen frå 9.30 til retten vart heva, som regel mellom 15 og 17.
Sidan ho teiknar digitalt, kunne ho sende teikningane av garde med ein gong dei var ferdige, direkte frå rettssalen.
– Det er jo draumen å kunne teikne heile dagen, kvar dag. Det er også veldig spennande å lære nye ting, både om jus og korleis rettssystemet fungerer, og om journalistikk og jobben til pressa, skriv ho.
Fleire teikningar på éin gong
– Førebudde utdanninga di deg på jobben?
– Delvis. Dei fleste teikneutdanningar vil nok understreke tydinga av observasjonsteikning, så eg har både gjort aktteikning, portrett og lokasjonsteikning før. Samstundes handlar illustrasjon og animasjon meir om forenkling og stilisering, så stilen min er ikkje nødvendigvis fotorealistisk, skriv ho.
Ho fortel at dei fleste andre teiknarane ho snakka med i saka, kom frå ei kunstutdanning.
Det mest utfordrande med å vere rettsteiknar, er å sjonglere fleire teikningar på éin gong, skriv Wikdahl. Plutseleg må ein stoppe midt i ei teikning fordi det kjem eit nytt vitne, eller det skjer noko spesielt som bør teiknast, eller personen ein har teikna forlèt retten for dagen, utan at teikninga vart ferdig.
– Det vart viktig å både fange detaljar, vere rask og hoppe mellom fleire teikningar parallelt. Eg er ikkje journalist, så det tok også litt tid å vurdere kva som var «nyheitsverdig» å teikne, altså å prioritere motiv i ei sak full av menneske og inntrykk, skriv ho.
Mange distraksjonar
Wikdahl fortel at ho alltid har vore ein teiknar, og allereie på barneskulen visste ho at ho ville satse på noko kreativt. Med tid, studium og erfaring oppdaga ho kor mange ulike og spennande jobbar som fanst.
Ho meiner rettsteikning passar for ein som ikkje berre kan teikne, men også observere og fokusere.
– Det er mange inntrykk og distraksjonar, og ein må ta vurderingar fortløpande. Det varierer også kor mange teikningar som er forventa i løpet av ein dag eller ei veke, kva slags plattform teikningane skal brukast til, og kva som er realistisk å få til inne i ein rettssal. Difor løner det seg å vere allsidig, løysingsorientert og open for å prøve nye ting.
Tolmod og pågangsmot
– Kva feiloppfatningar har folk om jobben?
– Det er fleire som har spurt om eg er rettsteiknar på fulltid, og det trur eg er umogleg. Det er som regel eit oppdrag ein tar som frilansar, og må kombinerast med andre jobbar.
Ho slår fast at frilanslivet krev ei blanding av tolmod og pågangsmot. Mangelen på føreseielegheit kan vere stressande for nokon, men spennande for andre.
– Det er jo gøy å prøve så mykje forskjellig, lære om ulike tema, og prøve nye vegar gjennom ein karriere. Samstundes kan det vere skummelt å ikkje vite om ein har inntekt om nokre veker eller månader fordi ein ikkje har landa neste oppdrag endå.
Sjølv trur ho ikkje ho er tøff nok til å vere frilansar på heiltid, og ho føretrekker å ha ei meir stabil og føreseieleg inntekt.
– Viss eg kan kombinere spennande oppdrag som rettsteikning og animasjon med ein fast jobb i botnen, er det målet, skriv ho.










