Politikk og samfunn

«Kommunereforma viser oss ein ting, og det er at det ikkje funkar»

– Folket ønsker seg ikkje store kommunar med avstandar i gåvepakke, og dette må sentraliseringspartia forstå, skriv Linnea Mølslet, vara i sentralstyret til Senterungdommen.

Linnea Mølslet (18)
Vara i sentralstyret til Senterungdommen.
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Teksta er omsett frå bokmål av redaksjonen.

Unge Høgre sin programkomité har kome med utkast til Unge Høgre sitt partiprogram. Framsida består av eit nasjonalromantisk bilete som synest å vere Geirangerfjorden, og ein tekst som lyder slik «mellom bakkar og berg».

For meg er Høgre og Unge Høgre alt anna enn mellom bakkar og berg. Dei vil fjerne folka i bakkane, fjerne dei som lever i berga, og dei vil reinske og flå Kommune-Noreg endå ein gong. Dei legg ikkje skjul på at dei ønskjer ei ny kommunereform.

Forslag som «teikne kommunekartet på nytt med mål om 100 kommunar i Noreg», «at alle kommunar skal ha minst 20 000 innbyggjarar» og «ikkje bruke lokale folkerøystingar som avgjerande grunnlag for samanslåing av kommunar». Dette gjer meg sinnssjukt forbanna. Med andre ord, ønskjer Unge Høgre her å gå mot det lokale demokratiet og ikkje lytte til kva lokalsamfunnet meiner.

Verdiskaping startar i distrikta

Mellom bakkar og berg høyrast ut for meg som stader folk vil vere. Synne Voe sin song «Her vil eg vær» taler for seg sjølv. Folket ønskte ikkje store kommunar som ikkje kjenner til hele heimkommunen. Ein vil sjå fjesa på dei som styrer. Det handlar om ein nærleik, du skal kunne slå av ein prat med lokalpolitikaren på butikken i staden for å sette deg ned og skrive ein mail som brukar fleire dagar å bli svara på.

Eg trur ikkje at det folk ønskjer og treng no er store kommunar som gjer menneska mindre og systema større. Vi treng lokalsamfunn som ser kvar enkelt, lokalsamfunn som har sine nærskular og har sine folk. For om vi slår saman kommunane, fører dette til at avstandane blir større, folket føler på ei mindre tilhøyring og tilboda svekkast. I den situasjonen vi er i no, er ikkje samanslåing av kommunar svaret på problemet, sjølv om nokon vil hevde det.

Trygge kommunar med sterke lokalsamfunn er fundamentet for det norske prosjektet. For Senterpartiet handlar tilhøyring om meir enn berre bustadadresse. Det handlar om å forvalte dei ressursane som held hjula i gang i hele Noreg. Verdiskapinga vår startar ikkje i styreromma, men uti distrikta, der jorda blir dyrka, skogen blir hogd og maten vår produserast. Ved å leggje til rette for at folk kan bu og verke i heile landet, sikrar vi også den menneskelege beredskapen som oppstår når folk føler eigarskap til sin eigen kommune.

Kan sjå fleire skular som blir lagt ned

Vi kan sjå til Indre Østfold. Ein kommune danna av fem tidlegare kommunar; Askim, Eidsberg, Hobøl, Spydeberg og Trøgstad. Her gjekk folk i fakkeltog for å redde dei lokale skulane sine, Tenor, Havnås og Kirkefjerdingen. Dette viser kva dei lokale skulane betyr for folk, og at kommunesamanslåing ikkje funkar. Det må bu folk i heile kommunen, ikkje berre delar av den.

Av disse tre skulane, var det berre sistnemnde som fekk stå. Då er det oppsiktsvekkande at Unge Høgre skriv på linje 187 og 188 i forslag til nytt partiprogram: «prioritere lokalisering av statlege arbeidsplassar, utdanningstilbod, sjukehus og offentlege tenester til regionale sentre». I denne saka var det eit fleirtal av AP, Høgre, KrF, V og SV som røysta for å leggje ned dei lokale skulane, og om dei får meir makt i 2027 vil vi sjå fleire skular bli lagt ned og meir sentralisering.

Vern om det lokale

Mellom bakkar og berg er for meg noko mektig som er viktig å ta vare på. Lokalsamfunna og småkommunane er mektige. Vi har ei kraft, og ho skal vi ikkje halde tilbake på. Kommunereforma viser oss ein ting, og det er at det ikkje funkar. Same gjeld samanslåing av fylke, det funkar ikkje og det kjem det heller aldri til å gjere, iallfall ikkje med tvang.

Store kommunar er ikkje ein stad eg vil vere eller ta ein del i. Små kommunar, som heimkommunen min Meråker, er her eg vil vere. Ikkje ta frå folket det lokale demokratiet ved å tvangssamanslå igjen, vern om det lokale demokratiet, og vel heller å lytt til dei som vil gjennomgå konsekvensane. Folket ønsker seg ikkje store kommunar med avstandar i gåvepakke, og dette må sentraliseringspartia forstå.