Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Toget klarte å halde toppfarten i elleve sekund. Rekorden tysdag blei målt under ein fartstest ved Japans høgste fjell Fuji, opplyser det japanske jernbaneverket.
Maglev-toget nyttar magnetisme som drivkraft og svever 10 centimeter over skjenene. I drift vil toget ha ein toppfart på 500 kilometer i timen.
Planen til det japanske jernbaneverket er å ha toget i rute mellom hovudstaden i landet, Tokyo, og storbyen Nagoya i 2027. Det betyr at avstanden mellom dei to byane – 286 kilometer – vil bli gjort unna på berre 40 minutt. (©NPK)