Japan innfører LHBT-undervising
Nokre kritikarar meiner eit betre rettsvern er meir nyttig.
Regjeringa i Japan skal vedta eit undervisningsprogram denne månaden, skriv ABC News.
Programmet skal sørgje for at skular og arbeidsstader har betre opplæring når det kjem til personar i LHBT+-miljøet.
Framleis uklart
Denne planen er ein del av eit større vedtak som kom i 2023, som skal fremje ei betre forståing av kjønns- og seksualitetsmangfald blant folk.
Nøyaktig korleis undervisninga skal fungere er ikkje offentleg enno. Så langt er det klart at det skal inkludere både elevar i skulen og helsepersonell som blir utdanna ved universitet. Programmet skal bli evaluert kvart tredje år.
Denne planen er laga av styringspartiet Det liberaldemokratiske partiet (LDP) og har allereie blitt godkjent av statsministeren deira.
Etterlyser rettsvern
Fleire aktivistar seier til ABC at planen er eit steg i rett retning. Likevel skulle dei gjerne heller fått meir rettsvern for kjønns- og seksualitetsminoritetar i Japan. Landet har ingen nasjonale lovar mot diskriminering av desse gruppene.
Det var først i 2023 at domstolane i Japan slo fast at ein ikkje trong å sterilisere seg for å skifte kjønn. I 2024 slo ein domstol fast at det braut mot grunnlova å hindre likekjønna ekteskap, men det er framleis ikkje ein lovfesta rett.
Trass i vedtaka for betre folkeopplysing, er styringspartiet LDP konservative, og var kritiske til dommen i 2024. Sanae Takaichi, statsministeren i Japan, har sjølv sagt at likekjønna partnarar er «greitt», men ho er ikkje for likekjønna ekteskap, og er ein tilhengjar av tradisjonelle kjønnsroller.






