Meiner statsråden prioriterte Oscar over kvinnetoppmøte: – Usolidarisk
Ungdomsdelegatar til FNs kvinnetoppmøte kritiserer kultur- og likestillingsministeren for å prioritere glamour over likestillingsarbeid.
– Kultur- og likestillingsministeren vel å prioritere kultur når det er glamorøst og staseleg, og å nedprioritere likestilling når det stormar som verst.
Det skriv Anastasiia Myrvoll, Renate Hamm og Erika Jacobs i KFUK-KFUM Global i ei uttale til Framtida.no.
Ungdomsrepresentantane var førre veke i New York på FNs kvinnekommisjon (CSW70), eit årleg toppmøte om kvinners rettar. Dei reagerer på at kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap) berre deltok på éin dag av det ti dagar lange arrangementet, medan ho seinare i veka var fleire dagar i Los Angeles i samband med Oscar-utdelinga.
FNs kvinnekommisjon
- FNs kvinnekommisjon er kjent som Commission on the Status of Women, og blir forkorta CSW.
- FNs kvinnekommisjon blei oppretta i 1946 og samlar kvart år medlemsland, FN-organisasjonar og sivilsamfunn i New York for å diskutere arbeidet for likestilling.
- Medlemmane forhandlar fram politiske tilrådingar som skal bidra til å styrke kvinners rettar globalt og gi retning for nasjonal politikk.
- Årets møte er det syttiande i rekka, og blir kalla CSW70. Det gjekk føre seg ved FNs hovudkvarter i New York frå 9. til 19. mars 2026.
Kjelde: FN-sambandet
– Det er sjølvsagt ikkje noko gale i å delta på store internasjonale arrangement eller representere film-Noreg for ein kulturminister. Det er berre noko med timinga. Når det skjer samstundes som FNs toppmøte om kvinners rettar, er det feil prioritering. Det er rett og slett usolidarisk, skriv dei.

Anastasiia Myrvoll, Renate Hamm og Erika Jacobs under FNs kvinnekommisjon i New York. Foto: Privat
Klump i magen
Anastasiia Myrvoll utdjupar kritikken på telefon til Framtida.no. 28-åringen var ungdomsdelegat for KFUK-KFUM Global til kvinnetoppmøtet i New York, som ho skildrar som verdas viktigaste arena for å kjempe for likestilling og kvinners rettar.

Anastasiia Myrvoll under framføre FNs berekraftsmål i New York. Foto: Privat
– Eg sat igjen med ein skikkeleg klump i magen, då eg følgde med på det som skjedde førre veke, seier ho.
Kultur- og likestillingsministeren tok ifølgje Myrvoll fly saman med gjengen frå KFUK-KFUM Global laurdag 7. mars, og var med på opningsdagen av kvinnetoppmøtet måndag. Vidare reiste ho tilbake til Noreg for å delta i regjeringas budsjettkonferanse.
Ungdomsdelegaten har forståing for at statsråden måtte prioritere budsjettkonferanse, men reagerer på det som skjedde etterpå.
– Ho reiste tilbake til USA. Ikkje til New York, men til Los Angeles for å delta på Oscar-utdelinga. Ho var der i ganske mange dagar, og ho prioriterte å vere der i staden for å vere til stades på kvinnetoppmøtet, sjølv om det var veldig, veldig stort behov for det.

Opninga av FNs kvinnekommisjon i New York. Foto: UN Women/Ryan Brown
Sender eit signal
Årets tema for kvinnetoppmøtet var rettsvern, og Myrvoll viser til at kvinners rettar er under press mange stader i verda. Ho meiner statsråden kunne fått med seg Oscar-utdelinga, og så reist vidare til New York for resten av FNs kvinnekommisjon.
– Det er noko med kva ein vel. Det følest nesten som eit signal: At ein prioriterer det som ser bra ut, og ikkje det som krev nærvær og kamp.
Ho reagerer òg på at statsråden har delt fleire bilete i sosiale medium frå Oscar-utdelinga og kjendisar, enn frå kvinnetoppmøtet.
– Det er litt synd. Når ho har ei så god plattform for å kommunisere til folk om kvinners rettar og likestilling, burde ho bruke denne plattforma enda meir.
Se dette innlegget på Instagram
Stolte over statsråden
Myrvoll trekker fram ei hending som ho meiner viser kor viktig Jafferys deltaking på toppmøtet er.
Under ein panelsamtale med nordiske ministrar, skal ein person frå anti-abortrørsla ha stilt spørsmål om kven som bestemmer når det er greitt å drepe eit barn.
– Ingen av dei andre ministrane tok ordet, men Lubna steppa inn og sa at det er dei som har kroppen som bestemmer, og heile salen jubla. Vi blei skikkeleg stolte over svaret ho gav, fordi ho tok leiing, akkurat som ho burde. Ho var veldig tydeleg og modig. Derfor synest vi det er så avgjerande at ho kunne ha vore til stades under heile kvinnetoppmøtet.
Må ikkje akseptere tilbakegang
Det er andre året Myrvoll er med på FNs kvinnekommisjon i New York. Ho fortel om ei utvikling som skremmer ho. I fjor var det fleire parallelle arrangement frå anti-abort- og anti-gender-rørsla. I år hadde rørslene fått nok støtte til å arrangere ein eigen konferanse, ifølgje ungdomsdelegaten.

Anastasiia Myrvoll og Renate Hamm frå KFUK-KFUM Global i New York. Foto: Privat
– Det handla om å avgrense språket, ekskludere transkvinner og kjønnsmangfald, og å ikkje la noko om seksuelle og reproduktive rettar stå i FN-dokument. Eg drog dit berre for å sjå, og det var veldig skummelt å høyre det dei sa på denne konferansen.
28-åringen meiner det er viktig at Noreg tar leiinga og deler erfaringar vi har, og at vi sender eit tydeleg signal om at vi ikkje aksepterer tilbakegang for kvinners rettar.
Ingen innverknad på reisa
Framtida.no har lagt fram kritikken frå ungdommane i KFUK KFUM Global for Kultur- og likestillingsdepartementet. I ein e-post via kommunikasjonseininga svarar Lubna Jaffery at likestilling er høgt prioritert av arbeidarpartiregjeringa, og noko av det viktigaste ho jobbar med som kultur- og likestillingsminister.
Statsråden skriv at Oscar-utdelinga ikkje hadde nokon innverknad på når ho reiste frå New York.
– Dei fleste ministrar er berre til stades dei første dagane av høgnivåveka under FNs kvinnekommisjon (CSW). Eg hadde nordisk program søndag 8. mars, og deltok på CSW-program 9. mars. Vidare returnerte eg til Noreg for å delta på regjeringas budsjettkonferanse. Det er i budsjettkonferansane vi jobbar med kva vi skal bruke pengar på. At eg deltar her, er også viktig for likestillingspolitikken.
Jaffery legg til at Noreg i tillegg til ho deltok med to statssekretærar under kvinnekommisjonen: Erlend Kaldestad Hanstveit frå Kultur- og likestillingsdepartementet og Stine Renate Håheim frå Utanriksdepartementet.
– Noreg stilte difor med sterk politisk representasjon under FNs kvinnekommisjon i år, uttalar Jaffery.

Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under nordisk ministerpanel. Foto: Agaton Strom/Norden.org
Myrvoll i KFUK KFUM Global seier dei blei tatt godt i mot av den norske delegasjonen, og at representantane for sivilsamfunnet hadde eit møte med dei etter at Jaffery hadde reist.
– Det var veldig fint, men vi ville gjerne kommunisere det vi var bekymra for direkte til likestillingsministeren.






