Skrivekonkurranse

«I ei uroleg verd, treng vi ein ny EU-debatt?»

Ja, verda ser mørkare ut no. Du kan nesten ikkje vakne utan å grue deg litt til nyheitene, men alt er ikkje håplaust, skriv Hedda Sofie Riddervold (21).

Hedda Sofie Riddervold (21)
Styremedlem i Akershus Unge Venstre
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Teksta er eitt av bidraga som får heiderleg omtale i skrivekonkurransen til Framtida.no og Magasinett «Noreg i verda».

På eitt eller anna tidspunkt får du med deg nyheiter, uansett kva du gjer. Personleg trudde eg det mest ekstreme eg kom til å fortelje barna mine om, var koronapandemien. Ja, vi var stengde inne og fekk ikkje lov til å dra nokon stad, litt overdrive, sjølvsagt.

Samtidig var krigen i Ukraina i nyheitsbiletet, men mange gjekk framleis rundt og hadde «Æ e trønder» på hjernen etter fylkessamanslåinga. Så kom storminga av den amerikanske Kongressen. Og seinare: Trump som nesten vart skoten, og Biden som trekte seg.

Då tenkte eg: OK, Trump gjorde mykje rart i presidentperioden sin, men kor gale kan det eigentleg gå?

Det viser seg at det kan gå ganske gale.

No er det ikkje slik at alt som skjer i verda, påverkar meg direkte, men det er likevel heilt absurd. Nokre gonger vaknar du om morgonen og håpar at ingenting nytt har skjedd. Og når du minst ventar det, kjem overskriftene:

«Trump vil angripe Grønland»
«Trump har kidnappa presidenten i Venezuela»
«Trump og Israel har angripe Iran»

Berre det at Israel-Palestina-konflikten hamnar litt i bakgrunnen, seier noko om kor mykje som skjer akkurat no.

Dette gjer meg usikker. Det er vanskeleg å vite kva som skjer i morgon, og for dei som er yngre enn meg, kan dette opplevast som direkte skremmande.

I denne situasjonen står Noreg ganske åleine. Vanlegvis har vi hatt USA som ein tryggingspartnar dersom noko skulle skje. Når den tryggleiken verkar meir usikker, meiner eg det er på tide med ein ny EU-debatt.

Noreg er allereie tett knytt til EU gjennom EØS-avtalen, men utan full innverknad på avgjerdene. Samstundes viser undersøkingar at eit fleirtal av nordmenn framleis er skeptiske til fullt medlemskap.

Likevel. EU kan gi oss noko vi kanskje treng meir enn før: samarbeid og føreseielegheit.

EU kan bidra med matsikkerheit, økonomisk samarbeid og ikkje minst tryggleik i ei meir uroleg verd. Det handlar òg om politisk innverknad. I dag må Noreg ofte vente på kva andre bestemmer, i staden for å sitje ved bordet sjølv.

Personleg vil eg gå så langt som å seie at EU er ein av dei viktigaste organisasjonane i verda. Når store land innfører toll eller skaper konflikt, kan EU svare samla og verne den indre marknaden. Det er styrken i samarbeid på tvers av grenser.

Ja, verda ser mørkare ut no. Du kan nesten ikkje vakne utan å grue deg litt til nyheitene, men alt er ikkje håplaust.

«Nokre gonger er livet som ein mørk tunnel. Du kan ikkje alltid sjå enden av tunnelen, men viss du berre held fram med å gå, kjem du til ein betre stad.»
– Uncle Iroh, Avatar: The Last Airbender