Yrket mitt: Hanna (27) er karriererådgjevar
Hanna (27) seier det viktigaste som karriererådgjevar er å vere genuint interessert i folk.
– Det er jo kanskje ei misforståing at ein kjem med eit problem, så blir det løyst, og så er alt superbra. Men i realiteten seier eg ikkje til nokon kva dei burde gjere. Ein får ikkje eit fasitsvar av karriererådgjevaren, det er jo meir det at du får verktøya til å finne ut av det sjølv.
Hanna Felicia Fossen-Lange (27) har arbeidstittelen informasjonsrådgjevar i UngOrg, og jobbar aller mest med å gje unge råd innan karriere og utdanning. I tillegg svarar ho på spørsmål på Ung.no.
Hanna Felicia Fossen-Lange
Alder: 27
Frå: Bærum
Yrke: Karriererådgjevar
Utdanning: Bachelor i psykologi, master i rådgjevingsvitskap.
Fossen-Lange seier ho ikkje visste om UngOrg før ho såg jobbanonsen.
– Og då eg så han, var eg sånn «det her er perfekt». Det var genuint midt i blinken, og eg tenke eg kom til å bli så lei meg om eg ikkje fekk jobben.
Mykje som skjer
Fossen-Lange beskriv arbeidskvardagen sin som variert.
– Som regel er det ein kombinasjon av administrativt arbeid og rettleiing, men så er det òg ting som kurs, arrangement eller klassebesøk. Så ein heilt vanleg dag er vanskelig å beskrive, for det er mykje som skjer.
Ho fortel at det er eit veldig godt miljø, og at ho har gode kollegaer rundt seg.
– Eg kjenner meg alltid i betre humør etter eg har vore på jobb, og det synest eg er eit stort pluss. Det er jo ikkje overalt ein har det slik, så eg er veldig takksam for det.
Draumen er at det går opp eit ljos
Kva som er det beste med jobben, synest Fossen-Lange er eit vanskeleg spørsmål, for det er mykje som er bra, meiner ho.
– Det som gir meg den beste kjensla, er når det kjem inn folk som står i eit vanskeleg val eller ein vanskeleg livssituasjon, men som går ut med ei kjensle av at dei har kome seg i gang eller blitt rolegare. Det synest eg er utruleg fint, at ein genuint merkar at det hjelper folk.
Det største som skjer ho på jobb, er at det går opp eit ljos for nokon.
– Ofte krev det mykje tid, så det skjer ikkje så ofte. Men det har vore gongar der personen kjenner seg fortapt, og ikkje har ant kva dei skal gjere. Og så har dei etter kvart funne ut at «ja, dette skal eg gjere!». Det er ganske imponerande å finne ut av på berre nokre veker. Men det har skjedd, og det synest eg er ganske utruleg. Det er jo på ein måte draumen då, fordi det dei vil, og det eg vil, er jo at dei skal finne det dei verkeleg likar.
Kan gjere ein forskjell
Fossen-Lange meiner jobben hennar er ein god kombinasjon av det ho interesserer seg for fagleg og personleg.
– Eg er jo veldig glad i psykologi, som eg har i botn, og synest det er veldig spennande å sjå korleis ein kan bli kjend med seg sjølv, og kvifor ein tek dei vala ein tek.
– Og ikkje minst at det er ein jobb der eg faktisk kan gjere litt forskjell i folks kvardag.
Jobben er ganske lik ho hadde sett for seg når det kjem til å møte og rettleie unge.
– Men det har òg vore veldig mange andre ting ved sida av karriererettleiing som eg får drive med her. Til dømes å lage politiske arrangement, eller å arrangere sosiale ting. Det er jo noko eg ikkje visste eg kom til å jobbe med, men som har vore veldig gøy.
Viktigast å vere interessert i menneske
– Kven passar dette yrket for?
– Det har eg tenkt litt på. Eg synest det viktigaste er å vere genuint interessert i folk. For eg tenkjer at det faglege og rettleiingsteknikk og slik, det kan du lære deg. Men det å vere interessert i menneske, er så viktig å ha i botn. For om du ikkje er genuint interessert i personane som sit framom deg, korleis kan du då hjelpe dei å finne ut av seg sjølve?
Og for dei som vil bli karriererådgjevarar, meiner ho den beste staden å begynne er ein jobb der du kan drive med det, eller eit studium der du kan lære om det.
– Om du er interessert i å bli det, så har du eigentleg eit veldig godt utgangspunkt allereie. Då er det eigentleg berre å byggje erfaring derifrå, tenkjer eg.
Kva draumar ho har for framtida, synest ho det er vanskeleg å svare på.
– Eg har jo på ein måte alltid lyst til å kunne nytte det eg synest er mest interessant, som er at folk utviklar seg, endrar perspektiv og så bortetter. Så akkurat no er eg eigentleg veldig nøgd her eg er, og så får eg sjå om det kjem nokre sånne store draumar etter kvart.










