Kamp om verneplikt-plassane

Å bli kalla inn til førstegongsteneste har lenge vore upopulært – men no står fleire i kø for å komma inn. Berre éin av seks hamnar i militæret no.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Éin av seks i militæret

Aftenposten har sett nærare på verneplikten, og stiller spørsmålet: Kor lenge skal me kalla det verneplikt?

Ifølgje Aftenposten er det i dag berre éin av seks som faktisk kjem inn til førstegongstenesta – resten blir silt ut undervegs. Av 63 000 vernepliktige som fyller ut skjemaet på sesjon blir 41 000 silt ut i første runde, allereie før fysiske testar. Etter ei ny vernepliktordning vart innført i 2011, blir første del av innkallinga gjort med eit spørjeskjema på nettet – det er her nesten to av tre blir skilt ut.

LES OGSÅ: Vil ha dobbelt så mange vernepliktige

I fjor vart knapt ein tredjedel av gutane i eit årskull kalla inn til førstegongsteneste, og frå i år stiller jentene på lik linje og verneplikt som gutane.

Då blir det, ifølgje Aftenposten, berre 13-14 prosent av vernepliktig norsk ungdom som faktisk får utøva tenesta.

Aftenposten skriv også at innstillinga til ungdommane som skal inn til verneplikten er heilt annleis. Medan folk før prøvde å lyga på seg skadar og pasifisme, er det no eit større problem at ungdom ikkje fortel legen om fysiske plagar som kan skada sjansane for å komma inn i militæret.

LES OGSÅ: Foreslår våpentrening for elevar i den russiske grunnskulen