Ho vil at det skal bli kvensk språkutdanning i heile Noreg, og hjartesaka er Repparfjorden.
– Eg vil vere ein leiar som er trygg, motiverande, og som fører folk saman.
Det skriv Rebecka Buschmann Ekeland på e-post til Framitda.no. I februar vart Ekeland vald som den nye leiaren av Kvääninuoret – Kvenungdommen.
Ho fortel at det var ein siger å få mange frammøtte på landsmøtet, og at det var god stemning. Førebels er det usikkert kva som er den neste store kampen for kvenungdommen.
Rebecka Ekeland
Alder: 23 år
Personlege pronomen: Ho/henne
Frå: Vaks opp i Alta
Utdanning: Studerer bachelor i historie ved UiT
Favorittfag på skulen: Dans og samfunnsfag/historie
Ulike verv: Leiar i Kvääninuoret – Kvenungdommen, nestleiar i Natur og Ungdom Arktis (studentlag i Tromsø), nestleiar i Tromssa Noereh (lokallag i Tromsø) og sit også i politisk komite i NSR-Nuorat.
Medlem i: Alle desse organisasjonane og fleire!
– Men vi i styret skal jobbe med kvensk synlegheit, kvenske rettar og kvensk språk og kultur.
Og ho er tydeleg på kva som er dei tre viktigaste sakene deira i år:
– Kvensk språkutdanning i heile Noreg, få meir aktivitet og tilbod til kvensk ungdom, og at majoritetsbefolkninga i Noreg skal vite om kvenar og deira kultur og historie.
Repparfjorden i hjartet
Ekeland har engasjert seg meir etter kvart som ho har lært meir om seg sjølv og kulturen sin. Ho har blitt inspirert av dei tidlegare medlemane i organisasjonen, og kjenner på eit personleg ansvar.
– Ei plikt til å slåst for kulturen min, som eg har mista, og prøver hardt å ta tilbake.
Nyleg prata Framtida.no med Ekeland på ein demonstrasjon i Oslo, der ho prata om at familien har blitt fornorska, og at skulle ønske ho kunne bruke meir tid på å utforske den delen av identiteten sin.
Samstundes må ho prioritere.
– Mi hjartesak er Repovuono / Riehpovuotna / Repparfjorden, som handlar om å bevare natur og kampen for urfolks og minoritetars rettar.
Held seg oppdatert med arrangement
Det blir ikkje berre demonstrasjonar. Ekeland likar å danse, lese, sy og spele gitar, og dei største tidstjuvane hennar er seriar og filmar.
– Eg held meg oppdatert gjennom sosiale medium og å dra på arrangement som seminar og føredrag, skriv ho.
– Du vaknar opp i morgon til di draumenyheit. Kva er overskrifta?
–«Frå no av må den norske stat følgje lova».
Middag med morfar
Ho ser for seg eit idealsamfunn der vi alle er tolmodige og har respekt for kvarandre. I eit slikt samfunn har vi også fått slutt på kolonialisme, folkemord og diskriminering av minoritetar og urfolk.
– Det er mange måtar å nå dette på: betre dialog og inkludering av urfolk og ulike minoritetar i forminga av vitskap, arealforvalting, lover og meir.
Om ho skulle invitert kven som helst på middag, ville ho hatt morfaren sin, Øistein, som døydde før ho vart fødd.
– Dette er fordi eg alltid har følt meg veldig knytt til han og det eg har høyrt av meiningane hans, og eg hadde elska å få sjansen til å prate med han om alt mellom himmel og jord.
På menyen ville det vore fisk frå Repparfjorden.

– Kva for ei bok burde alle lesa? Kvifor?
– Men Who Hate Women av Laura Bates. Dette er fordi ho tek opp tema som sexisme, diskriminering på basis av kjønn og kvinnedrap, som er enormt viktige bodskap knytte til halvparten av jordas befolkning, som det er viktig å vere klar over.
– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?
– Eric, laga av Abi Morgan.
– Kva låt får deg alltid i godt humør?
– Shout av Tears for Fears.









