«Sjå for dykk damene utan klede»
Anten ein vil det eller ei, så er det framleis menn som styrer idrettslandet vårt, skriv Mali Berg Zetterstrøm (19).
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
I formelle samtalar, på møte, seminar og konferansar er bodskapen tydeleg: Kvinner skal løftast fram i idretten.
Men med ein gong dressjakka vert hengd på stolen vert signala noko heilt anna. Engasjementet forsvinn plutseleg.
Kva seier det om kulturen i norsk idrett?
Gode intensjonar
Vi skal skape like moglegheiter, satse på kvinner og byggje ein inkluderande kultur. Idretten sine verdiar er tydlege. Møte, foredrag og paneldebattar som er fulle av gode intensjonar.
Men så finst det ei anna side av det same samfunnet. Når mikrofonane vert skrudde av, notatblokkene vert lukka og kameraet lagt vekk.
Det er no ein får vite kven som framleis sit ved makta i idretten. Og det er ikkje kvinnene.
Greitt å spøke med
På julebord, galla og middagar etter lange arrangementsdagar. Då er det greitt å spøke med kvinner sin plass i idretten, og samfunnet generelt.
Eg hugsar særleg godt éi hending. Etter ei helg med mykje fotballprat og arbeid var alle klare til kvelden. Før middagen var det ein eldre mann som skulle fram og halde tale. Han bad alle mennene sjå seg rundt.
«Sjå på alle dei flotte damene». Som vanleg i fotballsamanheng var eg ei av få damer rundt bordet. Mennene gjorde som dei fekk beskjed om, dei snudde seg, såg på oss og smilte. Så vart det stille ei lita stund. Så høyrde vi den same stemma frå scena. No bad han mennene sjå for seg dei same damene. Denne gongen utan klede. Latteren sat laust i lokalet.
Eg sat der og kjende på kontrasten. Berre nokre timar tidlegare hadde det same rommet vore fylt av samtalar om kor viktig det er å gi kvinner den plassen dei fortener i fotballen. Folk snakka om respekt, likeverd og moglegheiter. Dette gjorde meg kvalm. Men då eg såg meg rundt i lokalet vart eg meir trist. Alle kvinnene eg kunne sjå heldt på å grine av latter.
Framleis menn som styrer
Kanskje er det eg som er ein del av eit miljø eg verkeleg ikkje passar inn i? Men eg trur at idrettskulturen i Noreg er så smal at kvinnene ikkje tørr anna enn å le med. Eg klandrar dei ikkje for det. Når du så vidt har noko du skulle sagt, kvifor skal du då seie imot dei som sit med makta.
Eg derimot, trekte ikkje på smilebandet. For når desse godt vaksne damene ikkje torde å stå opp for seg sjølv, måtte jo nokon gjere det. For anten ein vil det eller ei, så er det framleis menn som styrer idrettslandet vårt.
Under nesten alle arrangement eg er på i regi av fotballen er eg ei av få eller einaste kvinne. Når ein er éin av få, kan det vere vanskeleg å vere den som ikkje ler. Det er når kvelden kjem at relasjonar vert bygde og makta vert fordelt. Om ein då vil vere ein del av denne «eliten» vel nok mange å le med, sjølv om det ikkje er morosamt. Det kan kjennast tryggare å le med, enn å vere den som skal lage dårleg stemning.
Sender eit signal
Så lenge slike kommentarar vert møtt med latter vil vi aldri oppnå likestilling. Ikkje noko i nærleiken eingong. Dette verkar kanskje lite for dei som seier det. Men dei sender eit signal om kven som høyrer til i rommet, og kven som eigentleg berre er gjestar. Når kvinner og jenter gong på gong får høyre slike kommentarar, er det ikkje rart at dei vel å bruke tida si ein annan stad. Eg har fleire gongar lurt på kvifor eg orkar å vere ein del av dette.
«Kvifor lo du ikkje, Mali?». Ein eldre mann kjem bort til meg seinare på kvelden. Eg forklarar korleis det å ha eit rom fullt av middelaldrande menn som glor på meg etter å ha fått beskjed om å kle av meg i tankane, ikkje er særleg mykje å le av. Heller ganske ubehageleg.
«Hmm, du er kanskje ikkje heilt i målgruppa».
Nei, eg er nok ikkje det.
Ingen burde vere i målgruppa for det.






