Rapport: Mobilfrie skular har ein positiv effekt på skulemiljø

Mobilfri skule kan gi eit pusterom og ein tryggare skulekvardag, viser ein ny NTNU-rapport.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Ein rapport frå NTNU viser til at fleire skular opplever fleire positive effektar etter mobilen vart fjerna. Samstundes er det ikkje ei rask løysing mot mobbing.

– Å ta bort mobilen åleine løyser ikkje mobbing, og det er framleis altfor mange elevar som ikkje har det bra på skulen. Derfor må vi halde fram det viktige arbeidet med å skape trygge og gode skulemiljø, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun i ei pressemelding.

Gir eit pusterom

I rapporten kjem det fram at elevkulturen har endra seg dei siste åra, som er prega av mellom anna hardare språk og digital press.

– Det er mange lærarar, miljøarbeidarar og skuleleiarar som står i dette kvar dag. Dei jobbar knallhardt for at barna våre skal ha det trygt og godt på skulen, seier Nordtun.

Ho seier vidare at nå mobilen blir lagt bort, blir det meir leik, sterkare fellesskap og mindre usunt press.

– Lærarar og foreldre over heile landet fortel om elevar som finn kvarandre i friminutta, og om ein skulekvardag med meir ro.

Viktig å fremje fellesskap

Etter initiativ frå kunnskapsministeren, kom det i februar 2024 nasjonale tilrådingar som slår fast at mobiltelefonen skal ut av klasseromma i både grunnskulen og vidaregåande skule, og at friminutta bør vere mobilfrie på barne- og ungdomsskulen.

– Eg er oppriktig glad for at vi har teke mobilen ut av klasseromma. For mange elevar har det betydd eit heilt nødvendig pusterom og ein tryggare skulekvardag, seier Nordtun.

Samstundes seier ho at foreldre framleis må følgje med.

– Vi kan ikkje overlate det digitale livet til barna til skulen åleine. Heldigvis opplever eg det skjer ei haldningsendring no og at foreldra går saman og lagar felles reglar, meiner Nordtun.

Viktig å fremje fellesskap

Mobbing og utestenging på fritida blir ofte drege med inn i skulekvardagen, påpeikar direktør Morten Rosenkvist i Utdanningsdirektoratet.

– Derfor er det viktig at foreldra blir kjende med kvarandre og barna, og at lærarar og foreldre deler informasjon og samarbeider om å fremje eit inkluderande og positiv fellesskap mellom elevane, seier Rosenkvist.