Den samiske forfattaren les helst kjærleiksforteljingar.
– Ei bra bok får lesarane sine til å forstå menneske – både seg sjølv og andre – litt betre.
Det skriv Moa Backe Åstot (27) på e-post til Framtida. Den samiske og svenske forfattaren frå Jokkmokk debuterte i 2021 med ungdomsboka Himlabrand, som blant anna vart nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris.
Sidan då har ho gitt ut Fjärilshjärta, Sommerfuglhjerte på norsk, i 2023, og Det är om dig jag skriver i år. Den norske omsettinga Himmelbrann vart publisert i februar av Cappelen Damm.
Moa Backe Åstot
Alder: 27 år
Frå: Jokkmokk, Sverige
Utdanning: Forfattarskule og skrivekurs
Yrke: Forfattar, i tillegg til å vere styremedlem i det svenske kulturrådet si arbeidsgruppe som vurderer barne- og ungdomslitteratur.
● Les også: Bokmelding: Himmelbrann – ein pageturnar
Kjærleiksforteljingar i lenestolen

Bokomslag: Lilla piratförlaget
Det blir mange bøker i løpet av eit år, sidan Åstot er ein del av det svenske rådet som vurderer barne- og ungdomslitteratur. I 2025 las ho 133 bøker. Lesestadene er mange.
– I senga, i lenestolen min, ved matbordet, på toget …
Forfattaren kjenner seg best at i dei introverte karakterane.
Akkurat no ligg vinnaren av Astrid Lindgren Memorial Award, Plein gris, eller Grått hav på norsk, av Marion Brunet på nattbordet ved senga.
– Kva bøker les du helst?
– Kjærleiksforteljingar og bøker som utforskar menneskelege relasjonar på ulike vis.
Barnebøker og Austen
Då ho var lita las foreldra hennar mange forskjellige forteljingar for ho.
– Særleg minnest eg Sune Sockergryn (Bunny My Honey) av Anita Jeram.
I tenåra var det SMS från Soppero av Ann-Helén Laestadius som gjorde inntrykk.
– Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?
– Jane Austens Pride and Prejudice, for det er ei av dei sterkaste kjærleikshistoriene eg har lese.
Lulesamisk forfattar på middag
Åstot meiner Mårten Melin sine diktbøker er undervurderte.
– Han er ein kjend forfattar i Sverige, men poesien hans får ikkje like stor merksemd som dei andre bøkene hans.
Om ho skulle invitert ein forfattar på middag, ville det vore Sigga Tuolja Sandström. Ho var ein lulesamisk forfattar og lærar som gav ut fleire bøker, utvikla samiske læremiddel og omsette den samiske nasjonalsongen til lulesamisk.
William Älgebrink er forfattaren ho kunne lese som einaste forfattar resten av livet.
Åstot har også sett klart for seg kva skodespelar ho vil ha i ein filmadapsjon.
– Hedvig Åhrén (frå SVT sin samiske julekalender Snödrömmar) skulle spelt hovudkarakteren Vilda i Sommerfuglhjerte.








