Ingen tiltalt for «homoterapi» sidan lova vart vedteken
Det er få meldingar og for lite bevis, ifølgje politiet.
Etter to år med totalforbod mot konverteringsterapi har ingen saker nådd rettssystemet. Alle meldingar på landsbasis er lagde bort.
Det er avisa Dagen som har laga oversikta.
To av sakene vart lagde bort fordi politiet vurderte at det melde forholdet ikkje var straffbart eller at det ikkje var rimeleg grunn til å undersøkja saka. Den mest omfattande saka vart etterforska i over eit halvt år før ho vart lagd bort på grunn av mangel på bevis i januar i år.
Politiadvokat Caroline Gunvaldsen Lieungh trur manglande kunnskap om lovgivinga er ei årsak til at ikkje fleire saker er melde.
– Det er nok framleis nokre som ikkje veit at konverteringsterapi er straffbart, skriv ho i ein e-post til Dagen.
Politiadvokaten legg til at norsk strafferett har eit strengt beviskrav der skuld må bevisast utover alle rimelege tvil for at nokon skal tiltalast og domfellast.
Ole Gramstad Jensen, Advokat og tidlegare styreleiar i Til Helhet, meiner tala viser at lova var unødvendig.
– Når det berre er tre meldingar over heile landet i ein periode på to år, er det ein sterk indikator på at det ikkje var behov for denne lova, seier han.






