Malakoff med «sterkt program»
Med bookinga av mellom andre Kaiser Chiefs og Rival Sons er programmet for Malakoff-festival i år komplett, blir det opplyst frå Nordfjordeid.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal tillèt seg å kalla namnelista i år for «det mest spennande og absolutt sterkaste artistprogrammet» sidan festivalen starta i 2003.
– Rockepreget er tydeleg i programmet i år, med sterke namn som Rival Sons, Enslaved, Seigmen, Architects, Millencolin, Honningbarna, The Dogs, The Toy Dolls, Hurula og Marmozets på plakaten, seier Naustdal.
Samtidig har festivalen, med stornamnet Kaiser Chiefs i spissen, noko for alle, meiner festivalsjefen og nemner artistar som Mew, Susanne Sundfør, Emilie Nicolas, Jonas Alaska, Datarock og Team Me.
I 2014 trekte festivalen i Nordfjordeid 22.000 besøkjande, og 5.000 av dei budde på festivalcampen. Då var det også utselt.
I år går Malakoff av stabelen i tida 16. til 18. juli. (©NPK)