Denne artikkelen vart først publisert i systeravisa vår Framtida Junior.
Frankrike er eitt steg nærare ei streng aldersgrense på sosiale medium. Underhuset i den franske nasjonalforsamlinga har nemleg stemt for eit forbod mot sosiale medium for barn under 15 år, ifølgje nyheitsbyrået AFP.
Forslaget handlar om å verna barn og unge på nett. Mange vaksne er bekymra for korleis sosiale medium kan påverka barn, mellom anna når det gjeld press, kroppsbilete og kva dei møter av innhald.
Den franske presidenten støttar forslaget fullt ut. Han hyllar avgjerda og kallar det eit stort steg for å verna barn og ungdom.







