Matoma startar gratis musikkskule i heimbygda

DJ-stjerna Tom Stræte Lagergren, kjent som Matoma, har starta eit gratis kulturtilbod i heimbygda Flisa, med mål om å nå unge i heile landet.

NPK–NTB
Publisert

– Det skal vere eit gratistilbod til barn og unge som vil jobbe kreativt med musikk, fortel Matoma til VG.

Gåva, som har kosta han «nokre millionar», har fått namnet «Matoma Creative Complex» og ligg i den nye barneskulen i Åsnes kommune. Det inneheld studiorom, mikseutstyr og instrument han har finansiert gjennom stiftinga «One in a Million Foundation».

Gåve til heimbygda

Han seier at det å starte prosjektet «er det aller største» av det han har fått oppleve. Den verdskjende artisten lovar ifølgje avisa å vere til stades så ofte som mogleg for å hjelpe til med undervisninga:

– Det er ei gåve frå meg til heimbygda. Vi må investere i ungdommane våre, for det er dei som er framtida, seier Matoma.

Han engasjerte seg stort i lokale skulenedleggingar i 2024 fordi han meinte nedleggingar er med på å øydeleggje Bygde-Noreg.

Målet er at barn og unge frå heile landet skal få høve til å nyte godt av fasilitetane på Flisa der dei kan få lære miksing, teknikk og oppmuntrast til å synge og spele.

– Tenk om vi kunne sett opp bussar frå Oslo og heile Noreg! Her kan det arrangerast sommarleirar, foreslår Tom Stræte Lagergren.