Nordmenn er plast-verstingar
Nordmenn og danskar bruker over 200 kilo plast i året per innbyggjar. Det er nesten dobbelt så mykje som gjennomsnittet i Europa, viser ein ny studie.
Studien frå Syddansk Universitet og Cambridge University er publisert i fagtidsskriftet til American Chemistry Society, skriv Aftenposten.
Perioden frå 1978 til 2020 er kartlagt. Forskarane har sett på straumen av plast inn og ut av Noreg, Danmark, Sverige, Finland og Island, og studien er den første i sitt slag for Norden.
Til samanlikning bruker ein gjennomsnittsperson i Vest-Europa og Nord-Amerika rundt 100 kilo plast per år, medan gjennomsnittet i Asia ligg på 20 kilo.
Berre 24 prosent av plasten i Noreg blir resirkulert, hovudsakleg emballasje. Mellom 70 og 90 prosent av plasten i Norden blir brend eller deponert på fyllingar.
– For å vere heilt ærleg var eg riktig overraska. I byrjinga var eg i tvil om det verkeleg kunne stemme, seier forskar Wu Chen ved Syddansk Universitet, som tidlegare har sett studiar som anslo at 90 prosent av plast blir resirkulert.
– Det viste seg at dei rapporterte brenning som resirkulering, seier forskaren.






