Nynorskforfattaren har eit spesielt godt auge til Kjell Askildsen.

Åshild Slåen
Publisert

– Det er kombinasjonen av godt innhald og godt språk som skaper kvaliteten i ei bok.

Det skriv forfattar Aina Basso på e-post til Framtida.no.

– Godt språk er ikkje nok, og ei god handling som er skjemt av dårleg skrivearbeid, får meg raskt til å miste tolmodet, forklarar ho.

Aina Basso

Alder: 46

Frå: Giske, men bur på Nesodden

Utdanning: Historikar

Yrke: Forfattar

Basso debuterte i 2008 med ungdomsromanen Ingen må vite, og sidan då har ho utgitt ni bøker, inkludert Før det blir morgon i 2025, ein historisk roman om ei jente som skal tene på ein storgard på 1700-talet.

Boka er nominert til Uprisen – årets ungdomsbok.

På nattbordet ligg dei andre nominerte bøkene.

Bokomslag til Før det blir morgon: Rune Markhus / Samlaget

– Altså dei nyaste ungdomsromanane til Hilde Hagerup, Ann Helen Kolås Ingebrigtsen, Bjørn Sortland og Jan Tore Noreng, for det reknar eg med er fire gode bøker som eg dessverre ikkje har rokke å lese enno.

Kan lese overalt

Basso meiner det er mange dyktige forfattarar som skriv bøker for barn og ungdom med høg kvalitet som får for lite merksemd.

– Det er synd, men desto viktigare at prisar som Uprisen finst, der ungdomar sjølve les og vurderer bøkene som er skrivne nettopp for dei.

Sjølv les ho mange hundre bøker i året, sidan ho er ein del av Det litterære råd i Den norske forfatterforeningen. Dei er med å bestemme kva bøker som skal få fleire stipend og prisar, og gjer at Basso må få med seg all mogleg ny norsk skjønnlitteratur for vaksne.

– No les eg overalt; i sofaen eller godstolen, ved matbordet, i senga, på båten, på biblioteket, i svømmehallen – kor enn eg er og har eit lite friminutt.

Basso har også blitt glad i å lese noveller. Ho har eit spesielt godt auge til Kjell Askildsen (1929-2021), men synest det har kome mange gode samlingar frå andre forfattarar dei siste åra.

– Det er noko med det kortare formatet som gjer at forfattaren må vere ekstra skjerpa, i tillegg er det eit format som passar særskilt godt til vår tid med dårlegare merksemdsspenn.

Interessert i vanskelege tema

Begge foreldra las til Basso då ho var lita, heilt til ho kunne ta over lesinga sjølv. Ho hugsar best Astrid Lindgren-bøker som Pippi Langstrømpe og Mio, min Mio.

– Det grøssa godt nedover ryggen når det blei snakk om «den onde ridder Kato» og alle borna han hadde kidnappa og forheksa, minnest ho.

I tenåra var ho ein del av Ungdomsbokklubben, og fekk ei ny bok kvar månad. Dei som gjorde mest inntrykk var bøkene som handla om vanskelege og tabubelagde tema, som overgrep, eteforstyrring og død.

– Ei bok eg hugsar gjorde veldig sterkt inntrykk var Jeg savner deg, jeg savner deg av svenske Peter Pohl og Kinna Gieth, som handlar om to tvillingsøstrer, der den eine døyr i ei ulykke og den andre sit att med sorga. Eg hugsar kor eg gret av den boka, og eg trur det var slike bøker eg likte best: Dei som fekk meg til å føle noko sterkt, anten gråte eller grøsse.

Kjell Askildsen livet ut

– Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

– Det er mange bøker eg synest er svært gode, men inga konkret bok eg skulle ønskje at eg sjølv hadde skrive. Eg får heller svare slik, litt kryptisk: Eg håper eg klarer å skrive den boka eg prøver å skrive, og får ho til akkurat slik eg drøymer om, eller helst endå litt betre.

Ho kjenner seg litt att i alle hovudpersonane ho har skrive, fordi ho meiner alle forfattarar bruker ein del seg sjølv når dei skriv.

– Samtidig som det på ingen måte er noko ein-til-ein-forhold mellom meg og nokon av mine fiksjonelle, historiske karakterar.

– Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Eg hugsar ein gong eg såg Kjell Askildsen på Litteraturfestivalen i Lillehammer, ikkje så lenge før han døydde. Han stod heilt åleine i ein gang, venta vel på nokon, han var så godt som blind då og hadde stokk, og eg hadde så lyst til å gå bort til han og seie kor mykje bøkene hans betydde for meg, men motet svikta. Så svaret må kanskje bli Kjell Askildsen?

Om ho berre kunne lese éin forfattar resten av livet, er det òg denne forfattaren som vinn fram. Eller Dag Solstad, sjølv om ho trur ho hadde blitt ganske lei av begge til slutt.

– Kven skulle spelt hovudrolla i boka di dersom ho vart filmatisert?

– Her har eg ingen sterke preferansar, men viss nokon ville filmatisere til dømes Inn i elden om tenåringsjentene Elen og Dorothe som står på kvar si side av heksejakta i Finnmark, håper eg dei ville valt ei ung, tøff finnmarksjente i rolla som Elen og ei litt finslegare som kunne spele danske Dorothe. Eg trur det kunne blitt ein spennande film i dei rette hendene.