Seks klassikarar du bør lese i 2026

Freistar ikkje klassikarar? Kva om eg gjev deg stikkorda 1920-talets Paradise Hotel, «comfort»-bok eller justismord?

Hanna Marie Haug
Publisert

For nokre er «klassikar» den høgste status ei bok kan ha. Ein varm og innbydande invitasjon til å leggje bort alt anna og tre inn i eit litterært og kulturelt rom som har stått seg gjennom alle tider.

For andre er det eit illevarslande faresignal. Einstydande med gammaldags språk, lange og unødig komplekse setningar og rein irrelevans.

Om du fell i kategori éin: velkomen! Om du fell i kategori to så er eg her for å overtyde deg. Dei er klassikarar av ein grunn.

Her kjem seks klassikarar eg anbefaler deg å lese i 2026, og kvifor!

1. Greven av Monte Cristo (1844) – Alexandre Dumas

Då bestemor gjekk i sjuande klasse og skulle øve til ein stor avsluttande prøve låg pensumboka på kjøkenbordet, og Greven av Monte Cristo i fanget. Ho hugsar ikkje korleis det gjekk med prøva, men ho hugsar handlinga i boka. Eventyr, justismord, skattejakt og hemn. Eg vert òg fanga av den absurde historia om Edmond Dantès og hans uvanlege skjebne.

Fleire scener er skildra så godt at eg ser dei levande føre meg når eg lukkar auga. Eller slik at eg stundom har sett noko og tenkt: slik må det ha sett ut. Men ikkje tenk at du skal lese ho ferdig på ei veke. Boka er på rundt tusen sider.


2. Stormfulle høgder (1847) – Emily Brontë

Wuthering Heights, eller Stormfulle høgder, kjem på kino denne våren. Det er ikkje fyrste gong romanen er filmatisert, så kva gjer historia stadig aktuell? Boka er sett til 1700-talet og handlar om to familiar i England. Det er eit drama utan like og framleis eit fascinerande konsept. Faktisk er ho så dramatisk og full av brå skifter mellom kjærleik og hat at lesarane stilte spørsmål ved om ho verkeleg vart skriven av ei kvinne.

Sjølv fann eg ei oversikt over slektstrea til familiane på nett før eg las, og det er eg glad for. Eit tips er å ikkje forvente at du skal forstå alt. Om du skal stoppe opp ved kvar referanse du ikkje tek eller kvart eit nytt (gammalt) ord, så vil det ta tid. Det er ikkje naudsynt for å få noko ut av boka.


3. Fruen fra havet (1888) – Henrik Ibsen

Er du i tvil om kva forfattar du skal begynne med, kan eg anbefale Ibsen. Fruen fra havet er eit skodespel du kan lese på ein dag, og det er vel verd det. I boka møter du Ellida som står i eit vanskeleg val. Utan å avsløre for mykje konkluderer ho med at fridom gjev ansvar. Hennar føresetnader er heilt andre enn våre, men eg lærte mykje av ho. For har ikkje vi enno meir fridom, og difor enno meir ansvar? Eller kanskje du les den og er ueinig med meg.

Handlinga er sett til ei bygd ved havgapet, og eg elskar at Ibsen gjev rom for naturens ibuande mystikk. Og ikkje bli skremd av sjangeren skodespel. Når ein kjem inn i det vil eg påstå det er lettare å lese enn romanar.


4. Dracula (1897) – Bram Stoker

Dei fleste har høyrd om vampyren Dracula, men boka er verd å bruke tid på av fleire grunner enn at ein har fleire fun-facts på Halloween. Dracula tyder drakens søn og er basert på Vlad Tepes, ein historisk fyrste frå Transylvania. Boka fekk krass kritikk då ho kom, særleg på grunn av innslaga av alt det overnaturlege. Men kampen mellom det gode og det vonde går aldri ut på dato.

Med denne som med mange andre klassikarar, ligg nøkkelen i å sjå på det «framande» som ein del av opplevinga. Eg tillèt meg å le når språket blir tullete høgtideleg, eller når moralen er utdatert. Forma set eg òg pris på. Ho har ikkje klassiske kapittel, men består i staden av utdrag frå dagbøker, journalar og brev skrivne av karakterane. Dessutan er ei av mine favoritt-kvinnelege karakterar i denne boka!


5. Jenny (1911) – Sigrid Undset

Jenny er ei av få bøker eg har lese fleire gonger. Mi «comfort»-bok. Jenny er ei norsk ung kvinne og kunstnar som flyttar til Paris. Ho søker fridom og eventyr, og er samstundes bunden. Eg las ho og drøymde meg bort til små gater i Frankrike fulle av brustein, blomar, måleria og musikk.

Eg har ikkje lese ein versjon med illustrasjonar, men eg er overtydd om at fargane hadde vore klåre, lyse og sommarlege. Handlinga er i grunnen litt skandaløs, sjølv i vår tid. Ho inneheld òg vakre skildringar av venskap.


6. Syndere i sommersol (1927) – Sigurd Hoel

Sigurd Hoel er kanskje ikkje kjend for alle, men denne korte boka er ein skatt. Eit ord beskriv handlinga godt: intrigar. Åtte ungdomar er ein sommar saman på svaberg ved kysten. Dei vert på førehand samde om å la romantikk liggje, og alle har kvar sine prosjekt dei tenkjer å bruke tida på. «Vi var blitt enige om at vi fikk finne oss i den erotikk som oppsto av samværet. Men noe tøys ville vi ikke vite av i den forbindelse». Men det er lettare sagt enn gjort.

Etter kvart liknar boka meir og meir på eit reality-show som Paradise hotel eller Ex on the beach, berre eit hakk meir «anstendig», kan ein vel seie. Eg undrar meg over om Sigurd Hoel hadde vore komfortabel med samanlikninga. Eg morar meg òg når eg blir kjend med karakterane, for her er mange ulike personlegdomar representert.