Ha ein palmefri påske
Det er palmesøndag og starten på ei høgtid full av kos. Regnskogfondet har tipsa for ei regnskogvenleg påske.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er så lett å føla seg liten i verda og tenkje at eins eigne val ikkje betyr så mye. Men forbrukarpress nyttar, berre ein er mange nok som kjempar for det same, skriv Anja Lyngsmark, kampanjeleiar i Regnskogfondet i ein epost til Framtida.no.
LES OGSÅ: Meiner selskap tek større klimaansvar
Freidige forbrukarar
Den siste tida har palmeolje på ny fått merksemd på grunn av eit innlegg der bloggaren Sophie Elise oppmodar lesarane sine om å ikkje kjøpe Freia påskeegg, fordi dei inneheld palmeolje.
På same måte vart Freia sin sosiale medier-kampanje #detnære kuppa av forbrukarar som synte meir engasjement for den fjerne regnskogen enn den nære sjokoladen.
Artig med sensurfilter. Særleg når det er laga av ein bokmålsbrukar. #detnære pic.twitter.com/0a1kIjYzjj
— Vebjørn Sture (@totlevase) 21. mars 2015
Lyngsmark jublar over at forbrukarengasjementet dei siste åra har bidrege til å fjerna palmeolje frå tusenvis av norske matvarer, mellom anna turfavoritten Kvikk Lunsj frå Freia og Nidars påskemarsipan.
– Det er med andre ord mykje lettare å ha ein palmeoljefri påske i år enn det var tidlegare, understrekar kampanjeleiaren.
Godt samvit og helse
– Kvifor bør ein ha ei palmeoljefri påske?
– Fordi det er deilig å kunne slappa av i ferien, og kosa seg med godt samvit. Eg tykkjer i alle fall sjølv at maten smakar mykje betre om eg slepp å vera redd for at den er laga på ein måte som skadar miljøet. Det er nemleg stor risiko for at palmeolja som vert brukt i maten me et er laga på kostnad av regnskogen og dei som bur i han, svarar Lyngsmark.
Helsa er eit anna argument for å kutte ned på den utskjelte olja, ifølgje NTNU-professor Vibeke Videm.
– Palmeolje inneheld omlag 50 prosent metta feitt. Det vil seie like mykje som i smør. Når me et metta feitt, til dømes frå palmeolje, aukar innhaldet av den ugunstige typen kolesterol i blodet vårt. Det fører til aukt risiko for hjarte- og karsjukdommar, som hjarteinfarkt og hjerneslag, forklarar professoren til Gemini.
Ho rår difor norske forbrukarar til å bruka rapsolje, soyaolje eller olivenolje, framfor smør og palmeolje.
LES OGSÅ: Erna rosar regnskogtiltak
Kosmetikk-fella
Det er ikkje så vanskeleg å styra unna palmeolja i sjokolade, kjeks og andre matvarer.
Til det har Regnskogfondet laga ein palmeoljeguide, slik at ein kan styra unna verstingprodukta.
– Du treng ikkje å boikotte palmeolje fullstendig, men du bør prøva å få i deg mindre, er oppmodinga frå Lyngmark.
– Når det kjem til andre produkt enn mat er det mykje vanskelegare å unngå palmeolje. Palmeolja er verdas billegaste vegetabilske olje og vert brukt i vaskemidlar, kosmetikk, biodrivstoff og mykje meir. Det vert til dømes brukt i nesten alt av produkt innafor hud- og hårpleie. I tillegg vert palmeolja skjult bak fleire hundre kjemiske nemningar, som gjer det til ei umogleg oppgåve for norske forbrukarar å unngå den regnskogsfiendtlege olja, forklarar Lyngmark.
LES OGSÅ: Ti grunnar til å vere klimaoptimist
Regnskogtakk
Klima og miljøvernminister Tine Sundtoft tek til orde for berekraftig palmeoljeproduksjon framfor boikott.
– Så mykje regnskog er diverre allereie er øydelagt at nettopp difor er palmeoljeplantasjar kanskje det mest fornuftige å bruke desse områda til. For anten me likar det eller ei, kan palmeolje vere viktig for å dekkje verdas raskt aukande matbehov, skreiv ministeren i eit innlegg etter å ha vitja regnskogen i Borneo ifjor.
Grunnen til den utbreidde bruken av palmeolje er at metta feitt ikkje harsknar like fort som umetta feitt. Dermed held sjokoladen lenger med palmeolje og smeltar ikkje i romtemperatur. Å finne erstatningar kan vere både vanskeleg og dyrt.
Ifølgje Lyngmark vart det årleg brukt over 15.000 tonn palmeolje i norsk mat då dei starta kampanjen i 2012. Det vil seie at kvar nordmann fekk i seg tre liter palmeolje årleg. Året etter var palmeoljeforbruket redusert til ein tredel. Matvareprodusentane nemner forbrukarpress som ei viktig årsak til at dei byter ut palmeolja.
– På vegne av regnskogen vil me sende ein stor takk til norske forbrukarar og desse bedriftene, seier Lyngmark, som gler seg til å ete masse Kvikk Lunsj utan bismak.
Faktaboks
Tips til palmefritt påskegodt:
Kvikk Lunsj
Nidars påskemarsipan
Firkløver
Freia melkesjokolade
Helnøtt
Bixit