Ap vil grunnlovfeste retten til abort
Ap vil ha retten til sjølvbestemd abort inn i Grunnlova, noko som kan komme på plass denne stortingsperioden. – Uaktuelt, seier KrF.
– Demokrativerdiar og menneskerettar er under press i land som USA og Polen. Derfor er det naturleg å løfte abortrettar inn i Grunnlova vår òg, seier Ap-stortingsrepresentant Kamzy Gunaratnam til Vårt Land.
Forslag til grunnlovsendringar blir fremja i éin stortingsperiode, men blir først behandla i den neste. Dette er meint å sikre at veljarane kan få sagt kva dei meiner om endringa. Grunnlovsendringar krev i tillegg to tredjedels fleirtal i Stortinget.
Gunaratnam var blant dei seks Ap-representantane som fremja eit forslag om grunnlovsendring hausten 2024. No som eit nytt Storting er på plass, kan spørsmålet avgjerast i denne perioden.
– Uaktuelt
Gunaratnam vil ha med seg KrF på forslaget, men nestleiaren i partiet, Ida Lindtveit Røse, seier at det er heilt uaktuelt, og ho kallar forslaget djupt problematisk.
– Linja vår er veldig klar i denne saka. KrF vil halde fram med å kjempe for ei abortlov som styrkjer rettsvernet til fosteret og som legg den ukrenkjelege verdien til mennesket til grunn, seier ho til Vårt Land.






