Forfattar og illustratør Dorte Walstad synest barnebøker også kan passe godt til vaksne.
– Eg har eit veldig tidleg minne om at pappa las Jungelboken for meg og laga forskjellige stemmer til alle karakterane.
Det skriv forfattar og illustratør Dorte Walstad på e-post til Framtida.no. Ho minnest at mora las bøker av Roald Dahl og Astrid Lindgren for ho og systera då dei var små.
I 2025 debuterte ho med si eiga barnebok Jeg vil ikke være her. Teikneserien handlar om eit søskenpar som besøker faren sin, som har fått seg ny kjærast, og må takle at livet blir heilt annleis.
Dorte Walstad
Alder: 35 år
Frå: Oslo
Utdanning: Mastergrad i Illustrasjon og grafisk design
Yrke: Illustratør og forfatter
Walstad har lese mykje fantasy opp gjennom åra, i tillegg til barnebøker og teikneseriar.
– Eg synest jo at dei fleste barnebøker passar godt til vaksne også, skriv ho.
Ordlause augeblikk
Forfattaren les helst heime i ein gammal øyrelappstol frå morfaren sin, eller på senga. Det blir likevel ikkje så mange bøker totalt i løpet av eit år.
– Fem bøker i året, kanskje, meir viss eg unner meg ein handlerunde på Tronsmo.
Den uavhengige bokhandelen i Oslo har eit godt utval av både bøker og teikneseriar.
– Kva meiner du gjer ei bok eller ein teikneserie god?
– Når det gjeld teikneserie: å kunne kvile i det visuelle, og ikkje alltid ha tekst.
Dei ordlause augeblikka synest ho kan vere utruleg sterke i ein teikneserie.
– Og det er utruleg gøy å jobbe med slike sekvensar, viss dei funkar.
Klassisk fantasy i tenåra
Som tenåring vart inngangen til leseverda Harry Potter.
– Eg sat jo i kø for å få bøkene fortast mogleg då dei siste i serien vart sleppte. Harry Potter prega heile ungdomstida mi, og vidare gjekk det til klassisk fantasy med Hobbiten og Ringenes herre då eg var rundt 15, minnest Walstad.
Akkurat no har ho Mine bilder – om kunst og alkoholisme av Sverre Bjærtnes på nattbordet.
– Og før det vart eg akkurat ferdig med Stargate. En julefortelling av Ingvild H. Rishøi.
Teikneserieromanen Blankets av Craig Thompson er også ein favoritt ho stadig blir overraska over at så få menneske har fått med seg.
– Det er ei perle av ei bok!
William Morris til ein sørgeleg lunsj
– Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?
– Eg hatar å lage middag, men kunne ha teke ein te med William Morris. Men han hadde vel gråte over tinga si tilstand, så det hadde kanskje vore ein sørgeleg lunsj.
– Om du berre skulle lese bøker eller teikneseriar frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?
– Uff, det hadde vore eit veldig kjedeleg liv, så det håpar eg ikkje skjer.
– Kven skulle spelt hovudrolla i boka di dersom ho vart filmatisert?
– Eg har jo skrive om to små barn, så det måtte vere to kule jenter frå Oslo. Helst ei med fletter og pannelugg, og ei med raudt hår.








