Kollasj av Framtida.no | Foto: AP Photo/Alex Brandon, Horia Ionescu's Images/Canva, grebeshkov/Canva og Yaroslav Danylchenko/Canva
Magasinett og Framtida.no arrangerer skrivekonkurranse for deg som er til og med 25 år. Send inn, vinn 1500 kroner og få teksta di publisert!
Framtida
Publisert
Svar på éi av oppgåvene under:
Oppgåve 1: Kven leier verda?
Skriv eit meiningsinnlegg om kva person, land og/eller organisasjon du meiner er viktigast i verda. Kvifor er desse viktige? Kva påverknad har dei på resten av verda? Korleis forvaltar dei makta si og er det eventuelt andre aktørar som burde fått meir makt?
Hugs eit tydeleg bodskap og kjelder for å byggje opp argumenta dine.
Noreg stemte nei til å bli med i EU i 1994, noko som betyr at ingen under 49 år har stemt over norsk EU-medlemskap. Set deg inn i den pågåande debatten om norsk EU-medlemskap og skriv eit meiningsinnlegg der du legg fram ditt syn på saka, og kvifor du meiner det. Du vel sjølv kva argument du vel å fokusere på. Du kan til dømes velje å skrive eit innlegg for eller imot norsk EU-medlemskap, eller for eller imot ei ny folkeavstemming.
Hugs eit tydeleg bodskap og kjelder for å byggje opp argumenta dine.
Foto: Yaroslav Danylchenko via Canva
Oppgåve 3: Ung i 2026
Skriv ei tekst om korleis det er å vere ung i verdsbiletet vi ser i 2026.
Teksta bør ha eit tydeleg poeng. Du vel sjølv kva teksta handlar om, men her er nokre spørsmål som kan vere til hjelp: Påverkar det som skjer i verda kvardagen din, eller ikkje? Er det éi spesifikk hending som opptek deg ekstra? Kva uroar deg, og kva gir deg håp for framtida? Kva meiner du vi må gjere, som samfunn eller enkeltpersonar?
Teksta skal vere basert på fakta og eigne meiningar, men vel sjølv om du skriv eit meiningsinnlegg, eit essay eller eit kåseri.
Foto: Vertigo3d / Getty Images Signature / Canva
Konkurransereglar
Premie: 1500 kroner, bokpakke, publisering på Magasinett/Framtida.no
Aldersgrense:Open for alle til og med 25 år
Målform: Nynorsk
Frist: 22. mars 2026
Innlevering:Send inn bidraget via Framtida.no sin debattportal. Hugs å krysse av for «skrivekonkurranse». Du kan òg sende inn som Word- eller PDF-fil til e-post skrivekonkurranse (a) framtida.no. Hugs å leggje ved dokumentet i e-posten, slik at juryen kan opne det utan tilgang til skulen din sine e-post-system.
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.