«Ekstrem og kunstig rikdom er ein reell trussel mot både rettferd og folkestyre»
Rike individ eig mediehus, kjøper seg politisk innverknad, og har meir makt enn folket, skriv Ragnhild Bergli, leiar i Changemaker.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Dei rikaste i verda vert rikare og rikare. Det kjem fram i Oxfam sin årlege ulikskapsrapport som kom 19. januar.
Rapporten avslører at dei 12 rikaste i verda eig meir enn 4 milliardar menneske gjer til saman. Om ikkje det skildrar symptoma på eit urettferdig system, då veit ikkje eg. Dette kan vi ikkje sitte stille i båten og sjå på.
Urettferdig fordeling
Det finst nok ressursar til at alle menneske i verda kan leve gode liv, ressursane er berre urettferdig fordelt.
Oxfam peikar på at auka i milliardærformuar i året som gjekk, som var på 2 500 milliardar dollar, hadde vore nok til å utrydde ekstrem fattigdom heile 26 gonger. Samstundes lev ein av fire i matuvisse globalt, og må hoppe over måltid jamleg. Dette er konsekvensane av politiske val som konsekvent favoriserer dei rikaste, og går hardast utover dei som allereie har minst.
Kunstig rikdom
Å kome seg ut av fattigdom er ein hard kamp. Endå verre blir det i eit system som er mot dei fattigaste.
Rikdommen har aldri vore så høg som no, då talet på milliardærar nådde ein ny rekord i 2025 med over 3000 for første gong.
Vi har skapt urettferdige strukturar der pengane får styre. Denne type ekstrem og kunstig rikdom er ein reell trussel mot både rettferd og folkestyre.
Ei forverra global gjeldskrise, kombinert med store bistandskutt, skaper ei dobbel byrde for dei aller mest sårbare landa, noko som ifølgje rapporten vil koste meir enn 14 millionar ekstra menneskeliv innan 2030. Skal vi ha noko som helst håp om å utrydde fattigdom, lyt vi endre systemet.
Systemendring
Systematisk urett påverkar oss alle.
Oxfam sin rapport peikar også på kor farleg det er når menneske blir så rike at dei kan kjøpe seg makt over demokratiske funksjonar. Eit døme som treff nært heime er USA. Der rike individ eig mediehus, kjøper seg politisk innverknad, og har meir makt enn folket. Demokratisk forvitring gir meg og deg mindre makt til å skape den verda vi ynskjer å leve i. Det nektar eg å slå meg til ro med.
Vi kan ikkje la dei dystre tala ta frå oss håpet om at endring framleis er mogleg.
Vi er nemleg ikkje makteslause ovanfor systemet. Det er alltid engasjerte menneske som har drive fram endring, og det er akkurat det vi treng å gjere no også.
Spesielt unge er ei drivkraft for viktige politiske endringar. Ei verd der alle kan leve verdige og gode liv er mogleg. Difor lyt vi setje ned foten og krevje systemendring éin gong for alle.






